søndag 30. august 2015

Tekst til festival

Bilete skal gi eit inntrykk av festivalen me var med på i dag, men trur ikkje eg fekk det til, må lære meg korleis vise bilete på bloggen...

Dagen blei heilt annleis enn me hadde tenkt, noko som stadig skjer...me har fått ein snekker til å lage oss eit spisebord, og det ville me sjå i dag. Han bur i nabobyen Bhaktapur. Me ville og innom ein fabrikk og kjøpe service som dei lagar der. Då me kom til Bhaktapur viste det seg at fabrikken tilfeldigvis i dag var stengt, service får me kjøpe ein anna dag...me reiste heim til snekkaren og fekk sjå spisebordet. Han hadde stua det godt vekk innerst inne i verkstaden, eit bord og 12 stolar oppå kvarandre, men med lommelykt og godvilje fekk me eit inntrykk av korleis det ser ut...plutseleg seier snekkaren at det er ein stor festival i byen og han ville vise oss den. Me blei med og det blei ein intens happening. Tipper det var titusener av folk samla i byen, alle gater var overfylte med festglade festpynta folk i alle aldrar. Festivalen er årleg og dei heidrar dei som døde sist år. Kvar familie hadde laga si 2-3 meter høge vogn, pynta med blomster, flagg, bilete av den døde, fargerike klede, ein liten statu av ei ku med offermat som låg rundt kua...vanskeleg å beskrive...framfor kvar vogn dansa barn, unge og eldre. Dei hadde små stokkar i hendene som dei slo mot kvarandre og nokre hadde trommer og symbaler dei slo på...eit vanvittig lydnivå og det gjaldt å ikkje få klaustrofobi, då me gjekk i kø med tusener av folk, ekstemsport for oss som kun har gått i 17 mai tog i Fyresdal...puh, godt å kome tilbake til kurvstolane på hotellet...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar