tirsdag 30. januar 2018

JANUAR 2018
STORE KONTRASTAR


Lykken var stor då me kom heim til jol, me hadde lengta ganske lenge denne gongen...utruleg herleg å møte barn og barnebarn og lage jol saman med gjengen! Lyzander er blid, tillitsfull og kosar seg med bestefar og bestemor i sofaen.

Alle mann i arbeid, her lagar me lammerullar. God stemning på kjøkkenet. Marte laga hovudsylte av Stormo-gris, som var blitt fora med rømme, frukt og grønt heile hausten. Den blei berre sååå god!! Me laga ulike sildesalatar, men den beste hadde svigermor Beate med seg frå Bykle. I den var det både aprikos og aioli, nam nam så mykje godt.


Heldigvis fekk me tid til å bake lefser og anna gjærbakst og med god hjelp frå Sara Loti blei det bra resultat. Gleden over å bake er ekstra stor når ein ikkje har den same muligheten i det daglege i Nepal. Kontrastane er store for oss og det oppleves sterkt å vere heime denne gongen.

Jolepresangane i år var store snow-racers. Dermed kunne heile familien site på eitt akebrett. Det blei dagleg aktivitet i jola og me var ute og fyra bål og herja på jordet.

Dagane blei korte, då me hadde lange gode frukostar ved peisen, friske ute aktivitetar kvar dag og gode middagar på kvelden. Flott med jegrar i huset som hadde bragt i hus både rådyr, elg, tiur, røy og ryper, middagar me har lengta etter... Godt å ha pause frå kylling, curry og ris...


Etter intense dagar på Midtgarden var det utruleg herleg og fredeleg å kome opp til hytta i tosomhet nyttårshelga. Det å feire siste dagen i året og gå inn i eitt nytt år med bestevenner er ein god og viktig tradisjon for oss. Litt skitur mellom hyttene var det me rakk denne gongen...GODT NYTT ÅR!

Frå iskalde Kathmandu forflytte med oss ei lang helg til Laos. Der var 31 grader og behageleg temperatur. Ein kollega av Bendik bur og jobbar på eit kraftverk midt inne i landet, 4.5 timar kjøring frå Vientian. Det var fint å møte Pål att, og me kunne mimre frå åra me hadde saman i Nepal for 12 år sidan. Til Siv; Pål var ein fantastisk vert denne helga!

Laurdag var me på tur til ei grotte. Konglo Cave er ein 7 km lang tunnel med ei elv, der ein kan padle/kjøre båt. Det var ein magisk tur.

Me sat to og to i båten og hadde med ein kjentmann som styrte oss gjennom den lange tunnelen. Med lykter på hovudet såg me dei utrulegaste formasjonar inne i fjellet.

Deler av tunnelen var opplyst, slik at me kunne studere skulpturane som har blitt laga gjennom mange år.

Nokre stadar var det som å vere i ein katedral med god takhøgde. Tenk at naturen lagar slike magiske rom inne i fjellet!!!

Her skulle sylvgutane vore for å halde konsert...

Etter 7 km var vi gjennom og såg dagslys att. Det var ein nydeleg natur der, grønt og frodig og trolske formasjonar på fjellet.

Me hadde ein liten pause før me snudde og kjørte same vegen tilbake. Der hadde me aledning til å handle lao-silke, som var nydeleg og fargerik. 

Laos vil me anbefale som turistmål. Der er mengder av grotter som ein kan klatre i og utforske. Store elvar til å padle i og for dei som kjører motorsykkel, er det eit paradis. Maten er nydeleg, thai inspirert og me besøkte ein nydeleg resort som serverte dei herlegaste rettar. Den låg ved elveleiet og var ein fredens plass...Så reiste me tilbake til Bangkok og hadde eit døgn der i 31 grader før me måtte tilbake til Kathmandu og den kalde vinteren som er her no.

Trass kulde og lave temperaturar nattestid, blømer kaprifolen(?) over alt. Den er vakker, sterk oransje farga, dekker store murar og husvegger og den står i full blomst fram til april. Godt at det er noko fint å sjå på...

Dette blei ein aldri så liten stemningsrapport frå annleis landet med lengt til norsk vinter...