mandag 23. oktober 2017

TREKKING TIL MARDI HIGHCAMP okt.2017

No skal eg ta dåke med på ei utruleg reise i Himalaya, Mardi-trek, som fører oss fram til foten av det heilage fjellet Machhapuchhere/Fishtail i Anapurna. Denne supre gjengen, som skal vere saman i tre veker, er humørfylt, fleksibel, trofast, gøyal, elskar Nepal, og me trivast i kvarander sitt selskap.

Fyrste dagen sat me på flyplassen i 8 timar og venta på at flyet vårt skulle gå. Det viste seg at det var for mykje skodde i fjellheimen og flya blei kansellert. Me hadde planlagt eit år at me skulle til Lukla i Everest området, men då det ikkje var muleg, bestemte me fort å reise til Pokhara i staden for, å gå Mardi-trek! Nye billettar blei bestilt, Alpin Explore Nepal er vår beste anbefaling når det gjeld trekking og dei ordna med ny tur på eit øyeblikk. Neste dag var me klar for fly til Pokhara og turen kunne endeleg starte.

Å vakne til ein slik dag, er magisk. Me kom fram i skumringa, fekk seng i eit herleg gjestehus og hadde frukost i lysthuset neste morgon.

Her kunne me site og sjå eggen me skulle fylgje for å kome til Highcamp. Når ein er på trekking, bur ein på gjestehus, får god servering, treffer folk frå heile verden og dag og tid blir uinteressant. Du berre er, går sakte i timavis kvar dag, stoppar når du er svolten og søv når du er trøytt. Eit enkelt og godt liv. Du har med bærarar for bagasjen og har sjølv ein dagstur sekk med.


Me skal gå frå 1900 m.o.h. til 4500 og må ta tida til hjelp for ikkje å få høgdsjuke. Me skal gå to dagar gjennom jungel for å kome over tregrensa. 

Vegane oppover er gode stigar, trapper eller sti. Det går oppover heile dagen og me brukar stavar for å avlaste gamle kne og hofter.

Når det lir utpå dagen kjem vi til Daurali, som tyder eit pass mellom to høgder. Her er hjarterom og husrom, me får ginger tea, garlic Soup og Dahl baht. Mat som førebyggjer høgdesjuke. 

På ettermiddagane kjem det skodde og eit lett skylag, men du verden for klare vakre morgonar. Me brukar den tidlege kvelden til lesing og kortspel og drøs med kvarandre og folk me møter, som skal ha same turen som oss.

Anapurna, som er over 7000 m ser me kvar dag og det er eit mektig fjell. I kvar landsby og med jamne mellomrom i stigen er det murt kvilestadar, der me kan ha gode pausar, ete sjokolade og drikke vatn. Bærarane våre er unge og sterke og bærer ca 20 kg kvar.

Dette er trollskog! Her er eit mangfoldig plante og dyreliv, idyllisk, stille og rolig, ja det blei ein meditativ tur i to dagar. Dvs det var ein del blodiglar ute og venta på kristenmansblod, så me fekk oss nokre overraskelsar under vegs. I det fjerne skimta me fjella.

Ein av dei vakre morgonane, då sola stod opp og Fishtail på 6993 m låg etterkvart bada i solskin. Me stod tidleg opp kvar dag, drakk te, åt havregraut, før me pakka og drog vidare.

Det var kjøleg om morgonen, men på dag tid var det te skjorte vær og deileg temperatur.

Når me såg oss tilbake var det sju blåner og utruleg utsikt ned over i dalen. Sola stod opp i 6 tida og det skumra att i 18 tida på kvelden. Me la oss i 20-21 tida kvar kveld. 

Det er enkel standard jo høgare du kjem opp i fjellheimen, men kva gjer vel det? Me har utstyr til å tåle det meste og kontrastane er med på å gjere opplevinga av Nepal mykje sterkare.

Siste dagen sov me på highcamp, som ligg på ei hylle, med utsikt i alle retningar. Me tok dagstur til upperpoint og Bjarne Geir og Lisbeth rakk heilt til Mardi Basecamp. 


På den fyrste toppen me kom til etter frukost, var eit lite te-hus. Der koka kokken vår ei garlic suppe og me fekk servert deileg te, før me gjekk vidare. Denne dagen starta me å gå 05.30, med lommelykter og hue på hovudet.

Framfor oss, ser me brinken me skal gå på for å kome til foten av Mardi og Fishtail.

Himmelen er blå, det er sterke fargar i fjellet og litt av månen lyser over fjella.

Kokken, guiden og bærarane er med og det er god stemning. Guiden lærte viktige norske gloser; "fytti katta så bra!" "Guri malla så god stemning!" "Herlighet så godt"

Terrenget er godt og lett å gå i, tynnare luft enn nede i dalen, men me går sakte og har god tid til å puste, noko som er avgjerande for å klare det.

Når me kjem så høgt møter me jackoksane som beiter. Det er store dyr, som blir bruka til trekk, dei mjølkar dei og lagar gode ostar.

Så nærmar me oss. Til venstre i bildet er ein djup dal som går inn til Anapurna basecamp, der me var i 2010. 

Før det siste stykke fram til upper view point er det ein liten varde, den ligg på ei hylle og det er temmeleg bratt ned på alle kantar...

AH! Me klarte det!

Det er ein god følelse å kome så langt og så høgt!

Då vender me ryggen til og går ned att, det er tidleg dag enno og me får mykje ut av dagen når me står opp tidleg. 

Me er nede i lavlandet og hadde ei nydeleg overnatting på hotell i Sidhing. Hotellet låg på ein høgde med flott utsikt. Fjella var nærme men likevel langt i frå...

To dagar vandra me gjennom risåkrane og landsbyane i dalsida. No står risen moden for hausting og det er berre vakkert.

I dette området av Nepal er det mange bekkar og elvar og me kryssar over på "suspention bridges". Dei er kraftige og støe, men enkelte bruer bør skiftast ut. Me gjekk på nokre som matrialen haldt på å dette i elva...Det blei av og til Helse-miljø- og flaks, istdenfor helse-miljø-sikkerhet...

Av og til er det vanskeleg å sette ord på alt det vakre og fine...

Siste døgnet på turen sov me i Home-stay. Her var det eit reint og ryddig kjøkken. Dei slakta høna til middag og me fekk eit utruleg døgn i denne gamle pitoreske landsbyen som heiter Lewang.

Før me reiste fekk me tika( velsigning) og blomsterkransar. Kvelden før var mange av landsby buarane invitert på kulturkveld i tunet og me dansa og sang til seine kvelden.

Jack Arild, Lisbeth, Vigbjørg og Bjarne Geir; tusen takk for ein uforgløymande tur!!!

Etter eit døgn i Kathmandu reiste me til Chitwan nasjonalpark for å dele opplevinga med å vere på safari. Me budde på ein nydeleg resort og fekk oss ein elefant-safari fyrste kvelden. Me såg 5 nashorn og det var stemningsfult i solnedgangen.

Fleire nashorn forsvant frå parken pga den store flaumen i sommar, men dei er begynt å kome tilbake, så me var heldige!

Det høyrer med å leike litt og Vigbjørg, Lisbeth og Bjarne Geir bada med elefantane.

Andre dagen var me på jeep safari og kom over ferske spor av tiger...

Etter frukost, som var servert ved elvebredden, reiste me tilbake til resorten, mette av inntrykk. Hjortedyr, apekattar, neshorn, krokodillar og fargerike fuglar var det me opplevde desse døgna i jungelen. Ellers fekk me markert ordentleg med god mat og drikke at mennene våre fyller 60 år i år.
ANBEFALER TUR TIL NEPAL