tirsdag 10. januar 2017


GODT NYTT ÅR TIL FAMILIE OG VENNER

Me hadde lengta vel og lengje til å møte Talleiv, Kristiane og ikkje minst vesle Lyzander. I julepynta hus fekk me nokre fine dagar saman, koste oss med julesmakar og var i skogen og skaut juletre saman med Kristiane sin familie. Takk for herlege dagar og så ser me fram til påske...



Turen gjekk vidare til Etiopia, til Tore sitt heimland. Det var godt å kome fram og me kjente at me trong ferie, varme dagar og jule feiring med storfamilien. Marte, Tore, Sara Loti og Jørund hadde allerede kjent på varmen ei veke

Det blei eit interessant døgn i Addis før me reiste sørover. Me budde i barndomsheimen til Tore, saman med fetter Gelgelo med familie. Litt sightseeing i storbyen, fyrste møte med kaffi kulturen, deileg Etiopisk lunsj og shopping var inholdet i det fyrste døgnet.
Ikkje vanskeleg å finne interiør til heimen i denne overdådige butikken. Kule møblar, smykker, redskapar, ikoner, krukker, tepper, kunst, bilete og instrument


Syster til Tore, Nora med familie, bur i Hawasa, ca 5-6timar syd for Addis. Der skulle me feire jul og me fekk ein spennande tur den dagen med reiste. Det hadde vore politisk uro ei tid før me kom og resultata såg me, brende bilar som låg velta i vegkanten

Dei fleste stadane var det gode vegar å kjøre på, men relativ stor trafikk. Ikkje berre kjøretøy, men mengder av folk, eselkjerrer, dromedarar, ungar som sprang å leika, store flokkar med kveg og geiter og mengder av marked i vegkanten

Fyrste pausen hadde me ved eit stort jordbærfelt, der me kjøpte jordbærsmoothie, nysteikt gjærbakst og god kaffi. Lunsjen hadde me på ein resort der alle fekk ein lang god pause. Sara Loti var med på alt og stortrivdes i onkel sitt selskap.

Kaffikulturen må nevnast spesielt. Det er i Etiopia kaffien har sitt opphav og det er høg kvalitet på kaffien. Det er ein sermoni før ein blir servert. Dei brenner grønne kaffibønner medan du ser på, så får du kjenne den gode lukta på nybrende bønner. Så knuser dei bønnene i mortar før dei kokar den i denne spesielle kaffikanna. Det er svært smakfull kaffi, sterk og god. Du kan velge om du vil ha salt eller sukker i den, eller mjelk. Mmmm

Neste stopp på vegen var eit vinutsalg. Dei selde rose vin, kvit vin og tre forskjellige slag raudvin. Det var eit utruleg herleg lokale, kunstnerisk og lekkert. Etiopisk vin kan anbefalast!

Det var vakker natur langs vegen. Akasjetrea gjev ein heilt spesiell stemning, eg kom litt i litt Sverre M. Fjelstad modus ( for dei som hugsar naturprogramma i NRK på 70-tallet)

Folk bur i hytter, runde med stråtak. Det var tørt mange stadar, men enkelte område var grøne og frodige. Det såg ut til at dei fleste hadde geiter, kyr og kanskje nokre høner utafor hytta.

Dei fleste bøndene har esel som trekkdyr. Me møtte på hundrevis av dei langs vegen. Dei fleste var på veg frå marked eller på veg til å hente vatn i gule plastkanner. Mange stadar såg det ut til at dei måtte gå langt for å finne ei vasskjelde.

På ettermiddagen kom me fram til ferieplassen i Hawasa. Det er NMS sin "misjonsstasjon"og det var fine hytter som me skulle bu i. Det var fleire norske familiar der på ferie, og me blei kjent med fleire som har Etiopia i sitt hjarta.

Fyrste frukosten på terassen. Nora hadde fylt kjøleskapet med juice, heimelaga pasjonsfrukt syltetøy og guava syltetøy, egg, ost, pølse og deileg yoghurt Der var og mengder av rundstykker i fryseren, så her skulle me nyte dagane.

Mango, annanas, søte appelsiner, pasjonsfrukt og gode bananer blei fast frukost.

Så kom den store dagen 24.12. Sara Loti skulle døpast og me skulle feire jul i eit framandt land. Det var høgtid då Marte spela dåpssalma på fløyte, Jørund på gitar og Bjarte Lemvik spela piano. Før det var Sara Loti jesusbarnet, Marte var Maria og Tore, Josef i dramatisering av jule evangeliet.

Sara Loti var eit engasjert og oppvakt dåpsbarn og presten gjennomførte norsk dåpsliturgi på ein fin og uhøytideleg måte.

I Hawasa er det eit stort marked og mandag var markedsdag. Der kunne me få tak i det meste...eit vanvittig utvalg i frukt og grønt, krydder, urter, klede, kurvar og alt muleg anna

Pasta, linser og bønner i alle fargar.

I desse fine fletta korgene blir "injera" oppbevart. Injera er den lefsa kvar etioper brukar å ete til alle måltid. Dei duppar den i ulike velsmakande kjøtt og grønsakgryter.

Me fekk etiopisk kaffi og ei fin kaffikanne i julepresang, så no blir det god kaffi i heimen.

I etiopisk mat går det store mengder med chili, raudløk og kvitløk.

Me handla kjippkjappar på markedet, utvalget kunne me ikkje klage på.

Store mengder med tomat høyrer og med i etiopisk matlaging. Dei smaka bedre enn heime i Norge...

Mango og bananer var sesong varer no, i tilegg til vannmelon og pasjonsfrukt. Det er nydeleg når ein kan maule frukt i alle variantar, sunt og godt

Jørund og Marte kosa seg med Injera og Dor Wot, som er nasjonalretten. Me var på ein nydeleg resort til lunsj. Ferskpressa juce, nysteikt brød og stort utvalg i rettar

I Etiopia er det eit yrande fugleliv. Alle slags fargar og størrelsar, denne karen her er lite pen, dei fleste andre var vakre.


Me gjekk tur langs innsjøen etter lunsj. Me såg flodhest ute i sjøen, der folk fiska, og det var nydeleg stemning i alleen langs vannkanten


Det var ulikt å få kjøpt her og. Damer som selde frukt, menn som selde solbriller, belter, klokker og duppedingsar.

Neste dag var me på fiskemarked. Det var ei stor oppleving. Mengder av båtar kom til land med mykje fisk. Oppkjøparar pruta på fisken, forskarar veigde og målte fangsten og førte statestikk over det som kom i land.

Storkane stod klar når fisken blei sløya og åt det som ikkje gjekk på grillen eller i fiskegryta.

Me smaka på den grilla fisken, sushien hald me oss borte frå.

Ein dag var me på sightseeing til ein naboby, der mange nordmenn har budd og jobba. Der var eit misjonssykehus, som har vore drive av NMS og me besøkte ein gild resort der me åt lunsj.

Ein utruleg byggjeskikk med eukalyptus, bambus og strå, vakkert var det!

Me gjekk på tur i området saman med ein guide og fekk sjå korleis ei bondekjering laga mat av falske bananpalmer

Ho tok ut alle trevlane i planta før ho pressa væska utav massen. Den blei lagra under palmeblader i to månader, så blei den gjæra og ho kunne lage mat av det.

Me fekk vere med heim og inn i hytta for å sjå korleis ho lagde ei type lefse av denne massen, som hadde lege i skogen over tid.

Me fekk og her god nybrend og nymalt kaffi.

Oppafor ferieplassen låg det ein høgde, der me gjekk på tur. Der observerte me ulike aktivitetar; bønnemøter, forkynning, meditering, picknick og salmesong. Det var nydeleg utsikt der oppe og me hadde ien nydeleg tur

Ungane til Nora er spreke fotbllgutar og dei viste kor spretne dei var


Jørund blei ein helt for store og små på turen

Siste dagen i året reiste me nordover att. Me skulle feire nyttårsafta på ein logde ved ein kraterinnsjø.
Nora var ein habil sjåfør og me tok av hovudvegen og reiste innover på slettene, mellom akasjetrær og små landsbyar.

Plutseleg kom me til ein høgde, der lodgen låg og like nedafor var krateret med 10 000 rosa flamingoar

Det var eit magisk øyeblikk å kome dit. Me hadde aldri sett maken, og var ikkje førebudd på synet av denne vakre staden

Me fekk kvar sine hytter, som hadde utsikt utover sjøen. " Matsalen" var og ei fin hytte på toppen av åsen med utsikt utover mot fleire innsjøar. Foreldrene til Tore (som eigentleg skulle vere med på turen) ynskte at det skulle slaktast ei geit for anledningen. Denne blei tilgjort medan me fekk oss ein kveldstur

Solnedgangen blei nydeleg den kvelden.

Det var eit syn med alle flamingoane som låg i vannkanten og me hørde ljomen av dei lang veg.

Onkel Tore hadde ein fin samtale med gutane på kantan av krateret.

Nyttårsfesten nådde sitt maksimum, då Jørund og Bendik kjempa handbak. Utruleg nok vant Jørund over far sin, noko som resultera i at Bendik må no samla sjegg og bart over ein periode.....

Fine gjengen!!! Tre flotte familiar på tur.

Ned tilvannkanten kom det mengder med kveg for å drikke vatn

Folk tok og klesvasken her og det yra av folk rundt innsjøen saman med fuglane

Takk for turen, nyttårs feiringa og denne store opplevinga me hadde saman. Det var ein magisk og fin måte å gå inn i eit nytt år på!


Eventyret tar ingen ende. No skulle me på campingtur. Fire familiar, fire store hustelt, tre landroverar, mat til 17 personar i 5 dagar. Erfarne campingfolk og godt planlagt opplegg. Endeleg kunne ungane hoppe i sjøen og boltre seg i det varme vatnet Langano sjøen er einaste bademuligheten i Etiopia og den blir bruka i alle feriar. Det var brunt algevatn, men herleg å bade i og god temperatur. Me hadde moprgon bad og kveldsbad, pluss at ungane låg i vatnet store deler av dagen.
På kvelden laga me mat på bål. Geitelår, bakte poteter, marinert kjøtt og flesk og mange godsaker.

Det var skyggefult og fint under aksjetrea.

Nydelege fuglar kom og åt smulane etter frukost.

Det blei late dagar med bading, soling, soving, lese bøker, sjakk og kort spel og verkeleg ferie.

Takk for vel organisert camping. Herleg å vere saman, kjekt å bli meir kjent med storfamilien

Så bar det tilbake til storbyn. Etiopia er eit religiøst land, noko som kjem til syne overalt. Bhajaj, trehjulingane som er transportmiddel/ taxi var ofte dekka av religiøse motiv.

Dagen etter var etiopisk jul og damene hadde vore ute å handla levande høns til middag.

Vel tilbake i Addis, fekk me ein dag sightseeing til. Me hyra to taxiar, god gammal lada her, og me krusa rundt siste formiddagen

Me besøkte staden der Tore hadde gått på skule i 10 år. NMS har ein nydeleg misjonsstasjon der det er både gjestehus og administrasjonsbygning. Her traff Tore gamle kjente og han fekk snakka litt meir amharisk...

Ein siste kaffi sermoni før me reiste heim til ein herleg avslutningsmiddag hos Gelgelo. På ny beli det slakta ei geit og me kosa oss med herleg middag i barndomsheimen til Tore.

To smilande herlege jenter som har vore på feire saman. Elema og Sara Loti, berre kos å ha med på tur, og herlege minner å leve lenge på.
Med dette vil me ynskje godt nytt år til alle!!! Me kjenner på savnet etter å møte og å vere saman venner og familie heime, men ved å halde kontakten blir det lettare når me ein gong kjem heim att.

Solveig og Bendik