tirsdag 26. september 2017



STORE HØGDEPUNKT SIDAN SIST

Av ulike grunnar var det ekstremt deileg å reise heim på sommarferie i år. Lengten etter barn, barnebarn, familie og venner var stor og me fekk nokre intense veker heime. Når ein er heime for nokre korte veker, går ein i frå høgdepunkt til høgdepunkt og ein blir veldig takksam for det ein har heime og dei ein savnar gjenno året.

Talleiv, Kristiane og Lyzander hadde det bra, og i sommar var det spesielt hektisk for dei med 9 stk kvalpar. Kvalpane blei etterkvart veldig aktive, men me fekk likevel vere saman to helgar i ferien. 



Marte og Tore var me på tur til Saupstøyl. Det var utruleg å sjå korleis Siv og Per Helge hadde fått til sæterdrifta i år. Me fekk kjøttsuppe og ovnsbakte rundstykke med heimekinna smør, herleg å vere saman att. Takk for ei fin oppleving Siv og Per.

Dagane med barnebarn er til glede og inspirasjon, og me fekk masse tid med Sara Loti. To dagar var me barnepass, slik at foreldrene fekk lufta seg litt. Herleg å kjenne på roen heime, plukke bær og blomster i hagen, ruske litt i bed og drive med fysisk arbeid rundt husnåvene.

Det blei fleire fjellturar og multekremen til jul blei redda. Sara Loti elskar bær og det var moro å ha ho med på tur. Me plasserte ho i myra, midt i ei tue medan me andre plukka i eit kjærr. Herleg!



Dagane på hytta blei ikkje så mange som me kunne ynskje, men her finn me ro i sjel og kropp. Tur, peiskos, lese bok, strikke, ete og drikke det me ellers ikkje får i Nepal...norske reine smakar er favoritten. Herleg å berre vere.

Me hadde all slags vær i sommar, men slik er den norske sommaren. Me har stort sett fint vær og varme i Nepal, så me er ikkje så avhengig av sol heile tida. Så fekk me sjølvsagt koseleg besøk av naboane og det gjer alltid godt. Humøret er på topp, sjølv om regnet ausar ned.


Frå hytta kjørde me til sørlandet og hadde ein magisk kveld med reker og vin saman med dei beste og nærmaste vennene, me måtte jo planlegge trekkingtur for hausten...

Så måtte me sei hade til gjengen i Hunsdalen, blir jul før me treffes att. Godt me kan skype og snappe, det gjer at me held kontakten, og me får fylgje med på utviklinga hos go'guten Lyzander. Tenner, hår og dei fyrste stega er viktige å få med, for besteforeldre. 



Siste helga i Norge blei markert på vest-landet i Engesund, saman med Tislevollgjengen. Og FOR ein gjeng. Me bada, fiska, hadde natursti, smakte Hanne sine vaflar, skravla og blei ajour på kva ungdomen driv med, hadde god tid og lange kveldar. Dette er ein triveleg og viktig tradisjon for familien.


Gjestehuset ligg idyllisk ned mot sjøen, her er plass til alle, me var 26 stk på krabbe den eine kvelden og stemningn var høg. Det er godt å vere saman med storfamilien, faktisk 16 år på rad har me vore samla.

Jørund, som jobba mest heile sommaren i Oslo og ferierte litt i Dubai etter det, kom ein tur heimom for å helse på...Hanne stortrivast når ho kan ha yndlings- onklane ved si side.



Kjersti er som oftast siste mann i seng pga at ho set ut garn, og fyrste mann opp pga at ho skal trekkje garn. Suksess det, mykje godt som me puttar direkte i panna. Litt jobb å renkske garn etterpå, men me er jo mange som hjelper...

Friskt og godt å vere på sjøen, og me er heldige som har brødre som har skaffa seg båtar. Så er det å ta farvel med alle, med klump i halsen, og belage seg på eit år til neste gong. Litt tungt å reise denne gongen, men eit år går fort...



Kontrastane er store når me kjem ned att til Kathmandu!! Trafikken er heilt horribel, forureininga likeså. Monsoonen har vore øydeleggjande i år og heile syd Nepal ligg under i vatn. Katastrofe!

Informasjonen frå UMN (United Mission to Nepal) er illustrert på ei plansje på kontoret. Mange liv har gått tapt, avlingar og husdyr har gått med i flaumen, sjukdomar florerer og myndighetane er hjelpelause i denne tragiske situasjonen. Det pågår mykje frivillig arbeid, men noko av det blir stoppa av politikarar, som meiner at hjelpa dei gjev er urettferdig... Nokon får hjelp andre ikkje, det oppstår voldelege situasjonar og fleire hjelpeorganisasjonar må trekkje seg. Det er vanskeleg å skjøne korleis folk overlever i denne vanskeleg tida. Innsamlingsaksjon pågår, vær med å gi!!!



Etter nokre veker med intens jobbing, er det godt å ta ein tur utav Kathamandu att. Me reiser på helgetur til Dehli. Over skyene er himmelen alltid blå  ..og Himalaya er framme. Magisk!

Ein triveleg kollega av Bendik, Bredo, tek imot oss og viser oss rundt i den travle byen. Det er mykje grønt areal i Dehli og mange fine storslåtte parkar. Det er varmt og godt og det blei ei fin helg.

Me såg utrulege skattar, kunst og kultur og mektige bygningar frå hudrede år tilbake i tid.

Ei mini utgave av Taj Mahal. 
HimalPartner-gjengen, Ellen, Calle og meg hadde ei vanvittig sykkelhelg i starten av september. Det var i utgangspunktet litt for varmt og me valgde ei tøff rute, men gjennomførte med stil.

Vegane er bratte både opp og ned, og me sykla 5 timar den eine dagen. Dette er god oppkjøring til den store trekkingturen i oktober...


Me kryssa dalåi to gonger og bruene er fasinerande byggverk. Suspension brigde bli dei kalla. 

Turen gjekk inn i ein dal, der me fann ein liten resort med fine hytter. Me hadde eit avslappande døgn der, før me tok snarvegen heimatt. Det er viktig å koble ut og av i helgane, finne på ting med venner, få litt andre input enn det bylivet tilbyr, og samle krefter til ei ny arbeids veke. 

Så veit eg kva hausten heime innebærer av jakt,( fuglar og dyr dett rundt Talleiv om dagen) bær og sopp-innhausting, gylne liar og klar haust-luft. Eg saknar det, og sidan hausten er ein av mine fire favoritt årstider, kjenner eg på at dette er siste hausten i eit framandt land...
GOD HAUST TIL ALLE HEIME.