onsdag 19. august 2015

Summit hotel

Flyet var ein time forseinka frå Istanbul, me landa kl 07.15. Det er alltid ei utruleg spesiell innflyging, ser ut som me lander midt i byen, dei fargerike husa står enormt tett og det ser uverkeleg ut. Sjansar, sjåføren vår henta oss, blid som alltid. Det er regntid/ monsoon, tungt og vått, litt flaum nokre stadar i gatene, men folk er tidleg ute likevel og det var eit yrande liv som møtte oss. Summit hotel blir vår heimstad til ca 6.9, då flyttar me opp i huset som me skal leige. Det er heimekoseleg her og dei som jobba her kjenner oss att...Bendik starta på jobb etter lunsj, eg strauk alt sommartøyet og me er no etablert på rommet med eit stort familiebilete på veggen...allerede mandag startar eg  med opplæring i ICDP( international children development program)Det er ein bolk no, ein i oktober (som skulle vere i september)og siste i februar med eksamen...må frå fyrste dag trene på at dagane er uforutsigbare. Tenkte nemleg å heim i oktober for å fullføre eit kompetanseprogram eg er med på, men plutseleg er ICDP flytta til akkurat den veka eg tenkte meg heim...Øve på å takle ein slik kvardag, blir nok mange av dei, blir aldri heilt som ein planlegg...

1 kommentar:

  1. Kjekt å følgja dykk her Solveig. ser jo alt så klart for meg. Ser dykk i November. Lukke til med ICDP. Det blir nok bra. Eg har berre lukta litt på det, men er veldig glad for at det er blitt ein realitet i Nepal. Det er relevant på så mange plan:)

    SvarSlett