søndag 30. august 2015

Kua er heilag

Ei lita forklaring til festivalen i går; dei bar stor vogner rundt i byn, og inni vogna var det skulpturar av ei ku. Den skal hjelpe dei døde med transport til heaven. Difor er kua heilag...då forstår eg...leste om festivalen i avisa i dag, mange lange reportasjar. Festivalen skal vare ei veke med dans og drama. Det var og ein stor parade i byn med LGBT( lesbien, gay, bisexuelle and trans) eit opptrinn som var heilt spesielt med utruleg utkledningar. Ellers i avisa i dag var det artiklar om udugelige politikarar som enno ikkje har strekt ut ei hand til jordskjelvofre, om politikarar som er dei mest korrupte i verden, klovnar som sit på toppen og malar si eiga kake, artiklar om ringverknader frå jordskjelvet, både om folk som enno bur i telt, landsbyer som enno ikkje har fått hjelp og elvar som fløymer over og tek med seg telt, folk og dyr på vegen... Det er og artiklar om familie planlegging, utfordringar i distriktet der helsestasjoner og fødestoger er øydelagde, oppdragelse av born og viktigheten av utdanning for alle. Interessant å sjå kva tema som fyller avisene, litt anna stoff enn heime. Fint å starte dagen med avisa etter å ha symt litt i bassenget...

Nærmiljøet

Sidan me bur på hotell no i starten, blir det til at me trør gatelangs når me ikkje er opptekne på jobb/kurs. Hotellet ligg skjerma inni ein stille roleg hage og me høyrer lite frå gatelivet. Med eingong me kjem ut i gata er det eit yrande liv. Heftig med motorsyklar som er minst to eller tre personar på. Berre sjåføren har hjelm. Bilane tutar og kjører fort på svingete vegar, skuleelevar i uniformar, bestemødre i tradisjonelle sari eller kurta og ungdomar i vestlege klede fyller gatene. Det er og mange bikkjer som rek gatelangs. Ein skomaker sit og reparerer sko og vesker, ei dame sit dagleg og steikjer maiskolbar, nokon sit berre rett opp og ned og ser på trafikken og rør med naboen. Med jamne mellomrom er det tempel plassar, der folk går innom for å bli velsigna eller ofre litt ris, kjeks eller småpengar. Det er tett i tett med butikkar og eit intenst folkeliv...då er det godt å finne ein oase...me har testa ut ein del restaurantar og lunsjplasser. Ikkje vanskeleg å finne og det er berre sååå mange herlige sjarmerande oasar.

Det er godt å sete seg ned i ein god stol etter å ha vandra litt ute i gatene. Maten er verkeleg på høgde, "nett som i byn", me har kosa oss med desse oppdagingane, her vil me få det greit...me gleder oss til å få gjester, som me kan ta med rundt. Inntrykka er mange berre etter ei og eihalv veke.

Denne veka skal eg starte med språk kurs og til helga flytter me inn i eige hus, noko som me gledar oss til. Takk for ei god helg.

Tekst til festival

Bilete skal gi eit inntrykk av festivalen me var med på i dag, men trur ikkje eg fekk det til, må lære meg korleis vise bilete på bloggen...

Dagen blei heilt annleis enn me hadde tenkt, noko som stadig skjer...me har fått ein snekker til å lage oss eit spisebord, og det ville me sjå i dag. Han bur i nabobyen Bhaktapur. Me ville og innom ein fabrikk og kjøpe service som dei lagar der. Då me kom til Bhaktapur viste det seg at fabrikken tilfeldigvis i dag var stengt, service får me kjøpe ein anna dag...me reiste heim til snekkaren og fekk sjå spisebordet. Han hadde stua det godt vekk innerst inne i verkstaden, eit bord og 12 stolar oppå kvarandre, men med lommelykt og godvilje fekk me eit inntrykk av korleis det ser ut...plutseleg seier snekkaren at det er ein stor festival i byen og han ville vise oss den. Me blei med og det blei ein intens happening. Tipper det var titusener av folk samla i byen, alle gater var overfylte med festglade festpynta folk i alle aldrar. Festivalen er årleg og dei heidrar dei som døde sist år. Kvar familie hadde laga si 2-3 meter høge vogn, pynta med blomster, flagg, bilete av den døde, fargerike klede, ein liten statu av ei ku med offermat som låg rundt kua...vanskeleg å beskrive...framfor kvar vogn dansa barn, unge og eldre. Dei hadde små stokkar i hendene som dei slo mot kvarandre og nokre hadde trommer og symbaler dei slo på...eit vanvittig lydnivå og det gjaldt å ikkje få klaustrofobi, då me gjekk i kø med tusener av folk, ekstemsport for oss som kun har gått i 17 mai tog i Fyresdal...puh, godt å kome tilbake til kurvstolane på hotellet...

Festival

Møte med ein ny kultur

Så var det hoppe i det. Mandag til fredag 09.00 til 16.00 saman med 25 andre var eg med på ICDP, som tyder International Children Development Programme. Det er foreldreveiledning, forholdet mellom foreldre og barn og korleis ein veileder kan hjelpe foreldre å bli bedre foreldre. Dette var fyrste bolk, det blir ein i oktober og ein i februar pluss eksamen.

Utruleg interessant å vere saman med foreldre i ein heilt anna setting enn den eg var i heime. Kulturforskjellane er store og me hadde mange rollespill og fine diskusjonar om korleis oppdra barn. Det at barn skal bli lytta til, bli sett og høyrt, er uvant i denne kulturen. Det at borna har mange tankar, følelsar og spørsmål til livets mange mysterier, er nytt for mange foreldre. Det har vist seg at foreldre som gjennomgår denne opplæringa ser med nye auge på borna og dei straffar borna mindre, noko som er svært positivt. I denne kulturen er det nemleg vanleg å straffe borna i barneoppdragelsen.

Det var ei intens veke, med tanke på at alt føregjekk på engelsk. Heldigvis er stoffet kjent for meg og det var ei utruleg flott veke. Føredragshaldarar er flotte folk som reiser rundt i verden og held kurs. Dei skal vidare til Kina...Siste dagen hadde me føredrag om det å møte traumatiserte born og foreldre. Det blei ein svært følelseslada og sterk dag, då alle hadde sine opplevingar ifh til jordskjelvet. Mange delte sine opplevingar og det var sterkt å høyre. Me såg og på korleis bruke verktøy frå ICDP til å hjelpe foreldre til å møte borna sine i denne situasjonen. Mange av dei som tek dette kurset er lærarar eller veiledarar for lærarar, eller er knytt til eit arbeid der ein møter foreldre og born. Dei hadde eit utruleg engasjement i jobbane sine. Dei fleste er og foreldre og syns at dei hadde mykje å lære på kurset.

Det blir ein del å fordøye etter ei slik veke og då er det godt med helg....

lørdag 22. august 2015

Siste ferie dag

Hadde bestemt meg for at eg skulle ha ferie desse fyrste dagane, sidan det var mykje jobbing i heime sommar. Eg har site i kurvstolen utenfor rommet og høyrt på fuglesongen( utruleg mange fargerike småfuglar), sett på gartnarane som lukar ugras i bed og plen, didiane som svinsar rundt og tørker støv, hentar loundery frå romma, plukker blomar og legg i vannskåler på alle bord og kelnarane som ber inn og ut puter i alle stolene på terassen ettersom regnbyene kjem og går. Eg har fått maila litt, lese nepali aviser, lest bok, høyrt på musikk og gjort ein del avtalar for tida framover. Har og symt dagleg i bassenget og gått lange turar på gamle trakter.

Eg har ikkje fått til å legge inn bilete på bloggen, finn vel ut av det etterkvart....det er så mykje eg kunne tenkt å formidle pr bilete, det kjem. Det er nært føreståande ein festival, kjem tilbake til den. I den forbindelse er det laga ei vogn som er 8 meter høg. Den står no klar midt i ei gate, stenger all trafikk og den skal kjørast rundt i gatene. Den er høg og med alle ledningane som går på kryss og tvers blir det ei utfordring. Dei gjer det enkelt, kuttar berre desse ledningane av og kjører vogna dit ho skal. Fasinerande. Den veg fleire tonn og store folkemengder må til for å trille vogna, som har fire store trehjul, 2 meter høge, og årleg er det folk som blir overkjørt av denne vogna. Me var og såg på denne i går, skulle gjerne vist bilete....

Me har fått testa ut trivelege lunsj plassar denne veka, viktig ifh til at me gjerne tek mot gjester heimanfrå og det ser me fram til...har blitt introdusert for naboane me får når me flyttar inn i huset, noko som var veldig triveleg og blitt kjent med nokre norske som me vil møte jamleg i bibelgruppe/samtalegruppe. Me et middag saman og samtalar om dei store spørsmål...blir fint.

I morgon begynner kvardagen, er spent. Eg skal vere med på ICDP opplæring ( international children development program) det er fyrste bolk denne veka, så oktober og avslutning i februar med eksamen. Ellers begynner eg med språkopplæring 31.8. Tenkjer eg skriv neste blogg når eg har kome inn i kvardagsrytmen...

onsdag 19. august 2015

Summit hotel

Flyet var ein time forseinka frå Istanbul, me landa kl 07.15. Det er alltid ei utruleg spesiell innflyging, ser ut som me lander midt i byen, dei fargerike husa står enormt tett og det ser uverkeleg ut. Sjansar, sjåføren vår henta oss, blid som alltid. Det er regntid/ monsoon, tungt og vått, litt flaum nokre stadar i gatene, men folk er tidleg ute likevel og det var eit yrande liv som møtte oss. Summit hotel blir vår heimstad til ca 6.9, då flyttar me opp i huset som me skal leige. Det er heimekoseleg her og dei som jobba her kjenner oss att...Bendik starta på jobb etter lunsj, eg strauk alt sommartøyet og me er no etablert på rommet med eit stort familiebilete på veggen...allerede mandag startar eg  med opplæring i ICDP( international children development program)Det er ein bolk no, ein i oktober (som skulle vere i september)og siste i februar med eksamen...må frå fyrste dag trene på at dagane er uforutsigbare. Tenkte nemleg å heim i oktober for å fullføre eit kompetanseprogram eg er med på, men plutseleg er ICDP flytta til akkurat den veka eg tenkte meg heim...Øve på å takle ein slik kvardag, blir nok mange av dei, blir aldri heilt som ein planlegg...

fredag 14. august 2015

før utreise

I dag er dagen før dagen, i morgon flyttar me til Nepal. Det heile er uverkeleg, som om me berre skal ut på ein tur. Dei siste dagane var ungdomen heime og det var utruleg koseleg. Dei var så avslappa og støttande i at me no flyttar, kjennes godt. Me veit kva me reiser frå og veit litt kva me reiser til. Mest av alt blir dette ein spennande epoke i vårt liv, og me gledar oss. Veit at det blir store utfordringar på mange plan, men dette vil me. Sommaren har vore prega av jobbing, men takknemlige for gode samkomer med den herlige familien vår og utruleg gode venner både på hytta og heime. Neste stopp blir Sumit hotel i Kathmandu .