tirsdag 4. juli 2017

 EI HELSING FRÅ OSS  I KATHMANDU FØR FERIEN

Det kan vere ein flott solnedgang over Kathmandu dalen sjølv om det er regntid. Det har kome ein del nedbør i det siste og det er rapportert om mange jordskred og elvar som fløymer over. Dette fører til evakuering av folk og mange har omkomme. Det var ingen som budde så nær elveleiet før, men pga at det blir fleire og fleire folk, byggjer dei hus der dei ikkje bør byggje, og katastrofen skjer.

Regntida gjer godt for landbruket. Rundt 10 juni startar regntida og då er dei klare til å plante ris på åkrane. Dei har allerede planta store felt med risplanter, som har vokst seg sterke og som blir flytta ut i dei våte åkrane.
Kvinnene startar kl 6 om morgonen og dei står med baken i været til seine ettermiddagen. Det er eit krevande hardt arbeid og det er på tusenvis av planter som skal under vatn.

Dei står midt i gjørma og plantar små bukettar med ris på rad og rekkje i store åkrar.

Dei unge skal tidleg krøkast og må vere med.

Dei held ein bukett i neven og tek så ein og ein liten bukett og trykkjer ned i jorda.

Nokre menn er å sjå, dei lagar kantar rundt kvar åker, slik at dei har ein gangsti å gå på.

Før regntida kjem er jorda hardpakka og full av gras. Dei må spa opp den delen der dei skal plante. Nokre stadar i dalen er det små to-hjulstraktorar dei brukar til dette, men få har råd til å kjøpe, så då tek dei det for hand.

Mais åkrane står no i ein meter høg vokster og dannar rammer rundt risåkrane, det er veldig vakkert.
Varmen tek på no, det kan vere over 30 grader i sola og då er det godt å sete seg under ein paraply.

Etter ei regnbyge, kan sola kikke fram før himmelen opnar seg att og det ausar ned att. Slik blir det no fram til uti september. I fjor var så gale i juli, at nokon haldt seg inne i 10 heile dagar, då det rann elvar i vegane. Me får håpe det ikkje blir så gale i år, då faren for jordskred er og så utruleg stor mange stadar i landet.

Det kom ei stor oppmuntring frå Norge før sommarferien. Elevane på Framnes vidare gåande skule i Norheimsund, har bestemt at dei vil samle inn pengar til eit av våre prosjekt. Misjonsprosjektet for neste skuleår skal gå til Mental Helse i Nepal og bl.a til vårt prosjekt KOSHSIH. Det måtte markerast med blomsteroverrekking!

Ellers må ein stulle med litt kos utenom jobben. Då kan ein for eksempel gå til skredder og velge seg ut fine sommarstoff og få sydd seg litt nytt til ferien. Glade fine fargar og lette mjuke stoff, mykje å velgje på...

Ellers er det som sagt mykje regn om dagen...men det hjelper å tenkje at me skal heim til go'klumpane våre om få dagar.
GOD SOMMAR TIL VENNER OG KJENTE. SNAKKAST KANSKJE I LØPET AV KORT TID?

SARA LOTILYZANDER