onsdag 5. april 2017








MARS MÅNAD I NEPAL
Fins det noko vakrare enn rhodedendron i full blomst? Her er skogar med høge trær og dei fins i fleire fargar. På ein tur med jobben sydover i landet, kjørde me over eit pass der det var full blomstring. Det er ei fin tid å gå trekking, men i år har det faktisk vore mykje overskya vær og regn. 

Me har hatt mykje besøk og det set me stor pris på. Broder Torleiv og svigerinne Turid kom på overraskande besøk i slutten av februar og me hadde nokre intense fine dagar saman. Tusen takk til dåke og så forstår me det slik at dåke kjem att neste vår?

Det er ikkje til å unngå, Himalaya må vere med i kvart blogg innlegg. .Ein blir aldri lei det magiske utsynet når fjella er framme. Forureininga i Kathmandu har vore ein katastrofe i vinter og det er få dagar med god sikt. Det er vegarbeid over heile byn og støvet ligg som eit teppe. Me brukar maske når me syklar og me kjenner at me må ut av byn i helgane for å skifte luft i lungene.

Så kom den store dagen då Marte og familien kom på besøk. Vesle Sara Loti har allerede reist både til Etiopia og no til Nepal. Ho er lettvint, blid og god den der. Ja, det var godt å vere saman over tid og bli godt kjent med kvarandre. Ho var med på det meste...

Fyrste dagen måtte me ut i skogen ein tur. Bror til Bendik, Torjus, Simon og Solveig kom og på besøk og det var godt å gå litt etter eit langt døgn på reis. I skogen møter me ofte kvinner som bærer tungt og dei finn mat til dyra sine.

Så la me ut på ei langhelg. Me reiste frå Kathmandu torsdags morgon, ned til Chitwan, nasjonalparken og var der to døgn. Etterpå reiste med to døgn til Pokhara.
Det blømer så fantastisk på denne tida av året. Store trær, som blømer på bar kvist kunne me sjå over alt i parken. Dei ver heilt nydelege og det blei eit rødt slør over jungelen.

Elefantsafari er aktivitet nummer ein. Tre elefantar stod til vår disposisjon og me skulle sjå om me fann nashorn og andre ville dyr.

Ikkje lenge etter me starta såg me eit stort nashorn. Me såg og mange forskjellige hjortedyr og fargerike store fuglar. Det var og ei mengde med apekattar i trea.

For ungdomane frå Loddefjord, blei dette ei stor oppleving.

Ei av dei store natur opplevingane var å sjå påfugl. Det var to han fuglar som spela for ei hoe. Me kjørde med ein jeep på safari langt inni jungelen, stoppa bilen og kikka på denne flotte dansen.

 Me fekk servera frukost ved elvebredden denne dagen. Kokt egg, brød, muffins, kaffi og frukt. Ein krokodille låg ved elvekanten og såg på oss...
Pappa Tore viser kunster og Sara Loti frydar seg over at ho kan stå i dei sterke nevane til pappaen sin.
 Yes!!! Moro å ha besøk, tid til å vere saman, tid til å ha det gøy, gleden over å oppleve noko saman!
 Like nedafor hyttene der me budde, var det og krokodille. Ikkje akkurat greit å gå ute aleine om kvelden. Me hadde basseng på resorten. Nokon bada der, andre bada med elefantane...
Tore og Marte leika seg...elefantane likar å kjøle seg ned etter ein lang dag i varmen.

Då kvelden kom kom fekk me med oss solnedgangen. Den er magisk over jungelen, raud og stor og det ser ut som himmelen står i fyr og flamme. Ein kokk var med og servera grilla kylling medan me såg på solnedgangen, dekadent med ok...

Det gjekk ikkje mange minuttane før den forsvant bak åsen, ei fin oppleving.

Neste dag reiste me vidare til Pokhara. Der fekk me sjå soloppgangen over Himalaya. Fishtail, det kjente heilage fjellet, som ein ser frå hotellterassen.

Me kjørde opp til Sarankhot eine dagen, ein høgde utenfor byn. Der var det mange paragliderar i lufta. Måtte vere 70 stk samtidig. Ein sport som er blitt veldig populær blant iungdomane.

Me trives best med å sjå på...

Tilbake til Kathmandu og kvardagen. Sara Loti lika å bade i baljen i sola og kosa seg i varmen

Svigerforeldrene til Marte, Inger og Dub kom og på besøk. Det var utruleg triveleg. Her er me på fullmånefest på Boudhanath, den heilage stupaen til buddistane.

Når mørke kom, blei alle lysa tent og det var eit syn.

Like etter at familien reiste tilbake til Norge, skulle eg på felt besøk til prosjekt. Saman med ein av partnarane våre reiste me vestover i landet til Rukum. Ein vakker stad, vidopen dal med jordbruk og fine murhus. Me skulle sjå på korleis kommunehelsetjenesten og sjukhuset i distriktet samarbeider og korleis dei arbeider.

Me tok fly ein veg og kjørde 6.5 timar opp i fjella. Derifra kjørde me i ein jeep på bratte, svingete jordvegar vidare opp i Åsane. Me besøkte ein skule og gav vekk to rullestolar til to brødre, som hadde ein muskel sjukdom. Folk i landsbyen har båre dei rundt i alle år, no kunne dei bevege seg friare. Me besøkte og ei med knekt rygg, som budde på ei fjell hylle. Ho og var glad for gåva.

"Der ingen kunne tru at nokon kunne bu" gjeld her som heime. Det er ufatteleg korleis folk klarar seg og korleis folk lever. Spesielt born med funksjonshemningar har det tøft. Dei blir sett på som straff frå gudane. Dei får ingen behandling og oppfylgjing frå familien.

Helse teamet reiser rundt og gir informasjon og undervisning og lærer familien korleis dei skal forhalde seg til utfordringane dei har.

Me kjørde vidare over elveleie, så ender og kyr skvatt. Me skulle ha Health camp lengre inne i dalen.

Der fekk ei bestemor undervisning i korleis førebyggje feilstilling på ein fot hos ei jente med cp.

Siste dagen møtte me ei gruppe med mødre. Dei er organisert til å hjelpe til i landsbyane, henviser folk til helsepostar og sjukehus og gjer ein stor innsats. Dei har fått tre års opplæring og me hadde eit forfrisknings kurs for dei.

Flyturen heim var ei oppleving med Nepali Airlines. Følte med ikkje heilt safe, men kva gjer ein ikkje for å kome heim til husbonden etter fem dagar! Turen gjekk fint og det var godt å kome heimatt.

Heime i Kathmandu venta Tonje og Kenneth, som hadde vore på trekking i Everest området. Me hadde nokre gjilde dagar saman før dei reiste heim til Norge for å feire påske. Og så reiser me etter...kjenner no at det blir godt med ferie. God Påske venner og familie.