mandag 27. november 2017

PROSJEKT OG FELTBESØK, LEDERTRENING, KONFERANSE, BESØK FRÅ NORGE

Kor er det blitt av november? Jo når eg ser tilbake veit eg at jobben har teke all tid, både kveld og helg. Det har vore travelt men kjekt og eg er heldig som har ein jobb som er så variert og spennande. Ingen dag er lik, feltbesøk til ulike kulturar, treff med nye mennesker, læring, oppleving og reising, eg syns HimalPartner er ein flott organisasjon å jobbe i og prosjekta vi har gjer ein forskjell.


A child with autism is not ignoring you, they are simply waiting for you to enter their world. Denne plakaten heng på dagsenteret for barn med funsksjonshemning. Dei er ikkje  som meg og deg, men dei er like mykje verdt. Her blir dei stigmatisert og helst skal dei ikkje visast ute i samfunnet. Vi har eit prosjekt der vi ynskjer at dei skal lære, vokse, finne ut kva dei kan og kva dei vil og kanskje kan dei på sikt få seg eit arbeid? Her får dei stimulere sansane, her får dei omsorg og her blir dei sett.

Dei lagar masse fint, dei prøver å selge produkta, dei ynskjer å gjere ein jobb, men samfunnet er ikkje heilt klare til å ta imot. Mange foreldre er og eit hinder for at dette prosjektet skal bli vellykka, men dei får kontinuerleg opplæring og informasjon om kor viktig det er at borna får utvikle seg og får sine rettighetar. Holdningsarbeid tek tid, ein må berre tenkje langsiktig.

Saman med partner og kollegaer frå Oslo reiste me sør aust i landet for å besøkje to prosjekt. Her råka flaumen hardt i sommar og me kunne sjå milelange vidder som hadde lege under vatn. Her var og ein flaum i 2008 og partnarane våre oppretta "trauma-healing-grupper", der dei kunne møtast for å støtte kvarandre i den vanskelege situasjonen. Desse gruppene fungerar fortsatt og dei møtes jamleg for å hjelpe kvarandre. Dei var takknemlege for at me besøkte dei og brydde oss. Dei hadde eit ynskje og det var at vi fortsatt ville støtte partnarane i området, slik at dei kunne få veiledning og hjelp når dei trong det. 

Ei anna gruppe me beøskte var ei fred og forsonings-gruppe. Den kom i stand då det var mykje kriminalitet i området. Kriminelle frå Nord India tek seg inn i landsbyane, stjeler budskap, voldtek kvinner og skapar frykt og uro blant dei som bur der. No er kriminaliteten redusert, folk er engasjert i gruppa og dei har kontakt med politi på begge sider av grensa. Dei har fått opplæring i mekling og forsoningsarbeid og det fungerar. Ynskje deira til oss var at me måtte løfte opp deira situasjon nasjonalt, då dei ikkje kjenner at dei blir sett og høyrt av myndighetane. Det er eit usentralt område og andre NGO'ar har slutta å arbeide der, då de har vore for farleg å jobbe der. Dei og var takksame for at me kom og såg om dei. Sterkt å møte nød og frykt ansikt til ansikt.

Vidare reiste me saman med nye gjester til sør vest, der det fyrste kraftverket i Nepal blei bygd på 60-tallet. Det umogelege blei mogeleg og Odd Hoftun var den som tok dette initativet, som har fått ringverknader for heile Nepal og som blei starten på industrien her.

Me organiserte leder trening for folk i industrien og folk frå vidaregåande yrkjes skule. Det ser ut som NORAD vil støtte oss i utbedring og utviding av tilbodet for elevar ved Butwal Tecknichal Institute. Det er eit spennande og viktig prosjekt, då mange av ungdomane i Nepal ikkje ser noko framtid i landet og dei reiser til Gulfen og andre stadar i Asia for å søkje jobb.

I same området har me prosjekt i mental helse. Det er opplæring av helsepersonell på helsepostane i distrikta for at dei skal lære om sjukdomar, symptom og tilstandar innen mental helse. Dei lærer om behandling og kva psyko-sosiale tiltak folk treng for å få eit verdig liv. Tidlegare blei mentalt sjuke sett på som "galne", blei bura inne, jagd heimanfra, satt i lenker osv. No ser dei at rett behandling hjelper og folk kan fungere i nærmiljø og i heimen og mange kan få seg eit arbeid.
Det er flotte partnarar me har og me har mykje moro saman. Humor er viktig i den ellers så alvorlege kvardgane dei har.

Vidare reiste me tilbake til Kathmandu og til Dulikhel, der me hadde organisert ein konferanse for kristne leiarar i sjukehus og institusjonar. Det kom folk frå Bangladesh, India, Norge, USA; UK, Argentina utanom dei frå Nepal. Dei fekk møte likesinna, vere saman og lære om lederskap, høyre om korleis andre møter utfordringar dei sjølve har og ikkje minst byggje nettverk og ha eit fellesskap. Mange hadde ikkje vore på slik konferanse før, der det var professjonelt ledar-inhald samtidig som dei kunne dele kristent fellesskap.

Dei aller fleste ynskjer at dette blir ein årleg konferanse og dei var svært nøgde etter to intense dagar. Omgjevnadane var nydelege, maten var god og det var stor deltaking frå dei 50 som møtte. 

Å jobbe for misjonen er så mangt...eg trur det er mange som har eit snevert syn på kva misjon er. HimalPartner jobbar på mange felt og det er eit privilegium å vere ein del av denne organisasjonen. Det er lærerikt og ein får mange forskjellige type erfaringar som ein tek med seg vidare i livet. Hvis du syns det høyres ut som dei gjer eit godt  arbeid, går det an å vere fast giver. Gå inn på deira nettside wwwhimalpartner.no og bli med å gjer ein forskjell for folk i Nepal.

MED DETTE VIL EG YNSKJA EI FIN ADVENTSTID OG SNART ER DET JUL...