søndag 30. august 2015

Møte med ein ny kultur

Så var det hoppe i det. Mandag til fredag 09.00 til 16.00 saman med 25 andre var eg med på ICDP, som tyder International Children Development Programme. Det er foreldreveiledning, forholdet mellom foreldre og barn og korleis ein veileder kan hjelpe foreldre å bli bedre foreldre. Dette var fyrste bolk, det blir ein i oktober og ein i februar pluss eksamen.

Utruleg interessant å vere saman med foreldre i ein heilt anna setting enn den eg var i heime. Kulturforskjellane er store og me hadde mange rollespill og fine diskusjonar om korleis oppdra barn. Det at barn skal bli lytta til, bli sett og høyrt, er uvant i denne kulturen. Det at borna har mange tankar, følelsar og spørsmål til livets mange mysterier, er nytt for mange foreldre. Det har vist seg at foreldre som gjennomgår denne opplæringa ser med nye auge på borna og dei straffar borna mindre, noko som er svært positivt. I denne kulturen er det nemleg vanleg å straffe borna i barneoppdragelsen.

Det var ei intens veke, med tanke på at alt føregjekk på engelsk. Heldigvis er stoffet kjent for meg og det var ei utruleg flott veke. Føredragshaldarar er flotte folk som reiser rundt i verden og held kurs. Dei skal vidare til Kina...Siste dagen hadde me føredrag om det å møte traumatiserte born og foreldre. Det blei ein svært følelseslada og sterk dag, då alle hadde sine opplevingar ifh til jordskjelvet. Mange delte sine opplevingar og det var sterkt å høyre. Me såg og på korleis bruke verktøy frå ICDP til å hjelpe foreldre til å møte borna sine i denne situasjonen. Mange av dei som tek dette kurset er lærarar eller veiledarar for lærarar, eller er knytt til eit arbeid der ein møter foreldre og born. Dei hadde eit utruleg engasjement i jobbane sine. Dei fleste er og foreldre og syns at dei hadde mykje å lære på kurset.

Det blir ein del å fordøye etter ei slik veke og då er det godt med helg....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar