mandag 23. november 2015

Jazzmandu og Tihar ferie

Bendik reiste til Norge, og eg blei att i Nepal, då eg hadde nokre plikter. Fint å vere med å arrangere kurs i gruppe psykoterapi, der mange flotte fagfolk møttes og fekk inspirasjon frå fagfolk frå Norge. Eg var og på kurs i Enneagrammet, fortsettelsen kjem i mars. Eg er og begynt med veiledningsgruppe for aleinemødre ifh til barneoppdragelse. Dette gjer eg saman med Rupa, ei som er psykolog og er frå Nepal. Me skal ha fire samlingar i november og fire i januar. Fette er eit ledd i ICDP opplæringa eg går på. Grunna dette måtte eg bli att då Bendik reiste. MEN det heilt store den eine veka var Jazzmandu. Det ein årleg jazzkonsert der artistar frå heile verden blir invitert. I år var det Norge, Cuba, Australia, new York, Paris og sør Afrika bl.a. Cadenza, jazzorkesteret her i Kathmandu står som ansvarlege Og dei er heilt rå!!! me var ein gjeng på 4-6 som fekk med oss fire kvelder. Dei spelar rundt i Hagane på dei fine hotella i byn. Det er bål i Hagen, servering av mat og drikke og timelange konsertar med utrulege musikarar. Er veldig glad for at eg fekk det med meg. Neste år er det frå 22-26 Okt, då har me besøk og eg gledar meg allerede...så fekk eg vere med ein vennefamilie på eit eventyr syd i Nepal. Nasjonalparken Chitwan. Me leigde rom på ein lodge i foten av jungelen og fekk med oss mange opplevingar. Me var tidleg ein morgon på kanotur i smale lange uthule trestammer, og padle oss ned elva for å sjå på krokodiller. Det var mange av dei og me fekk vite at ein fiskar var for ein månad sidan blitt drept av ein krokodille, it happends, sa roeren...så var me på breading senter for elefanter, så bada me i elva med elefantene, så var me på jiipsafari og enda opp på breading senter for krokodiller. Berre 1 prosent av krokodilleungane overlever i naturen, så egg blir sanka inn og teken vare på her. Me fekk og ein tur i jungelen på elefantryggen, då traff me på eit nashorn, såg mange antiloper og apekattar og det var veldig bra. Dette kan anbefalast og det er mange fine stadar å bu i nasjonalparken. Vår lodge hadde basseng, så me kosa oss verkeleg i fleire dagar. Etter turen til chitwan blei eg invitert heim på kaffiplantasjen til ein venn av oss. Eg og ei venninne var der frå laurdag til mandag. Det er tre timar utenfor Kthm, langt oppe i eit distrikt som heiter Dhading. Utenom kaffiplantasjen, dyrkar han det han treng for å drive ein liten resort. Han har frukt og grønnsaker, urter og nytteplanter. Han driv økologisk og har kyr, høns og geiter. Han lagar sin eigen yoghurt og maten er berre veldig smakfull, tillaga på bål. Me sat ute rundt bålet om kveldane og nytte stillheten som er der. Han driv og med bygdeutvikling og me var me rundt å helsa på folk og såg på prosjekta hans. Dei som besøkjer oss, vil få ein tur opp dit, ei stor oppleving og ein av dei vakreste stadane eg har sett i Nepal. Fjella kom nær og utsikten var magisk. Eg planta mi eiga kaffiplante og vil hauste eigne bønner om to år. I mars vil me reise opp å vere med på innhaustinga av kaffebønner,moro! Her er mykje å sjå og oppleve...I dag har eg kontor dag, så no må eg sete meg å pugge språk. Det går relativt bra, men eg er tungnem og det tar tid å få inn språket...dagane går fort og hausten har flydd avgårde. Til helga er det fyrste sundag i advent, og det gledar me oss til. Lite adventstemning ute, sjølv om eg har kjøpt eit lite tre med lys i. Me får sørgje for stemning inne, og startar med pinnekjøtt middag på laurdag. No ser me fram til Og gledar oss storleg over at ungdomane kjem på besøk: Marte og Tore kjem 12.12, Talleiv, Kristiane og Jørund kjem 18.12. Om ein månad er det litlejulafta og eg vil prøve å skrive litt før det...ha ei fin adventstid.

Dagleglivet i Kathmandu

Fyrst av alt vil eg skrive litt om kvardagen. Det er no mest ein månad sidan eg skrive sist, og trist men sant, lite har endra seg på den politiske fronten. Eg skreiv om urolighetene i sør og dei er dei same om ikkje verre. Det har ikkje vore noko framgang i samtalene mellom myndighetar og folkegruppene der nede. Dette begynner å utvikle seg til ei humanitær krise for landet, noko som er lite omtala i nyhetane utenfor Nepal. Skjønar eigentleg ikkje korleis folk klarar seg. Det er no mangle på ved til fyring, gass kan ein kjøpe på svartebørsen, men det kostar. 15 liter gass sylinder kostar til vanleg rundt 130 kr, no kan ein få kjøpt 7 liter til 400 kr, det er vilt. Bensin kostar rundt 50 kr literen. Køane av bilar og bussar som vil fylle tankane blir større, lite trafikk i gatene. Restaurantar stengjer, eller har kun drikke på menyen. Dei som kan grille gjer det, men det begrensar dei som driv business. Den vanlege mann i gata sit på hjørne og er arbeidsledig/ permittert og nokon sit og ventar på at under skal skje. Ungar heng rundt pga av stengte skular og dette skapar ein dårleg kvardag. Mange varer manglar i hyllene, som mjelk( kan kjøpe soya mjelk og skumme mjelk) ulike grønnsaker og frukt, krydder, sukker osv. Eg har lager av det meste og folk med pengar klarar seg, men dei fleste slit. Vilt! Nokon seier at dei klarar seg fram til jul mht forsyning, men etter jul veit ingen, og nokon spår at dette vil vare i månader...Vanskeleg å forstå at politikarane ikkje ordnar opp når så mange slit. Fortsatt er lite gjort etter jordskjelvet og me ser mange bur i skur. Det er no kalde kvelder og netter og vinteren blir knall hard for veldig mange. Dagleg i avisene er det reportasjar frå bygdene rundt Kathmandu, der det er nyfødde som bur i skur, alenemødre som kjempar kvar dag for å få endene til å møtast. Det står og poeng om udugelege politikarar som ikkje ser andre enn seg sjølv, som bidreg lite for folket som har det vanskeleg og me lurer på kvifor ikkje dei tek ansvar. Bortsett frå all denne elendigheten, møter me folk som kan og vil! Dei har prosjekt som dei ivrig jobbar i og prøver å vere noko for sine medmenneske. Uavhengig av styre og stell klarar dei å få til ting rundt seg. Dei har livsmot, humør og ståpå vilje, men eg veit ikkje kor dei får det ifrå. Det er nydeleg å møte slike folk og det gjer at me trur at utvikling kan skje i landet om dei som står på held ut. Me prøver å støtte og gje gode tilbakemeldingar til dei for å halde motet deira oppe. Kanskje det er ei oppgåve me kan ha...