fredag 5. februar 2016

Prøvelsar i kvardagen

I dag er det blitt nokre grader mildare i Kathamndu. Dvs at ein klarar seg med eitt lag ull. Kanskje det går mot vår? Det har vore to kalde månader, som har krevd mykje energi. For å gi eit lite bilete på korleis det kan sjå ut, vil eg skildre ein heilt alminneleg dag i januar.


Eg vaknar og ligg under den varme gode dundyn heimanfra. Øyreflippane er iskalde, likeeins nasa og fingrane, eg lurer på om eg orkar å stå opp i det iskalde huset. Eg står opp og tek på meg tøflar. då det er iskaldt på golvet, går inn på do og set meg på det iskalde dosete...eg tek meg ein dusj, brrr, batteriet i dusjen er ikkje på lag, enten er det kaldt eller kokvarmt. I dag er det greit at det er kokvarmt, då vatnet blir avkjølt på veg ned mot kroppen( det seier litt om temperaturen i rommet). Eg tørkaar meg ed eit handklede som ikkje er heilt tørt, eg dusja nemleg i går og...Brrr eg får på meg kort arma og langarma ullundertøy, ein stilongs, ei bukse og ullgenser, så har eg det rimeleg greit. I kjøkkenet er det så kaldt at eg må ta på dynejakka...det er ikkje straum til å lage kaffi ( det får bli når straumen kjem, har tre timar med straum seinare i dag). I dag vil eg lage snurringar...eg set ein deig, lunkar væska på gasovnen, men har for lite kveitemjøl...går på bua og spør etter mjøl, men dei har gått tomt, går til neste, dei har heller ikkje, ringer til hushjelpa som prøver å få tak i på veg heim til oss. Eg kjem heim, deigen har imellomtida blitt iskald, ikkje bra for gjærdeig...kokar opp vatn på gassovnen og klarar å lage eit vannbad, som til slutt gjev litt heving. Tungvint start på dagen.


I løpet av dagen er det fleire ting som er tungvint; internett kjem og går. Alle veit kor irriterande det er når ein skal site å jobbe. Eg tek ein handle tur, men det er enno varer som manglar i hyllene, då ikkje alle grense overgangar er opna, eg får ikkje det eg skal ha...jaja, det får eg tak i seinare eingong. Eg går heim og set på ein vaskemaskin då straumen er kome att. Det viser seg at eg rekk akkurat ein maskin før straumen går att. Tenkjer å legge saman klede eg vaska for to dagar sidan, men dei er ikkje tørre. No om dagen klarar ikkje den vesle sola som er framme å tørke kleda og inne tørkar dei ikkje på fleire dagar....


slik går no dagan...


Trass dette har me det ikkje så verst. No ser me fram til varmare dagar, me kan ut av hiet, vere meir sosial og bruke energien annleis. Me møter flotte folk, nepalesarar som smiler, helsar, og klagar ikkje. Dei har det tøffare enn me har det. Me kjenner at me er velkomne her...


I går kveld var det eit jordskjelv på 5.5. Me var ute då og folk kom springande utav husa, ut på gata, dei var redde. Heldigvis blei det med det eine...
God helg



Tur til Tansen og Butwal

No er eg blitt antatt som utsending for Himal Partner og skal starte som landkoordinator i august. For å bli kjent med organisasjonen var det viktig med ein tur for å sjå på dei ulike prosjekta som Himal Partner har. Eldrid som no er landkoordinator invitera utsendingane på tur; Anne, Jim, Åshild og meg. Turen starta i Pokhara, 4 timers interessant biltur vestover frå Kathamndu. I Pokhara var det deileg temperatur ifh til Kathamndu og sommarblomane blømde på takterassen, der me åt frukost.

I Pokhara besøkte me Mirjam Bergh( utsending) som har bygd opp eit senter for pastoral care, Utruleg interessant å sjå og høyre Mirjam fortelje frå dei 12 åra ho har vore der og gjort eit stort arbeid. Ho har bla skrive ei bok på nepali, som er ei veilednings bok i sjelesorg for prestar. Me besøkte og ein organisasjon, som hadde delt ut dyner og klede til jordskjelv offer no i vinter. Eg fekk og tid til å besøkje barneheimen vår, som alltid er eit fint møte med foreldre og dei 9 borna dei har.

Vegen vidare gjekk til Tansen, som tok ca 4 timar på ein veg som berre besto av svingar, Me kjørde gjennom vakkert landskap.

Trafikkbilete er veldig annleis enn heime, og tida går fort då det skjer noko langs vegen heile tida.

Det er td fargerikt,

og dei me møter er svært blide og damene er vakkert kledd.

Her var det ein liten kar som skulle på fest, kledd i typisk nepalidrakt.


Me kom fram til Tansen gjestehus utpå dagen. I Tansen starta Himal Partner sin historie, med Ingeborg Skjervheim( jordmor) og Odd Hoftun( ingeniør), som var med å bygde sjukehus. Mange Norske utsendingar har arbeidd her og Eldrid hadde sin barndom i Tansen.

Me kjente at det var viktig å ha vore der, og det var utruleg imponerande å få omvisning på sjukehuset. Dei har mange avdelingar og dei behandlar rundt 100 000 pasientar i året. Dei tek imot over 2000 barn årleg, og dei har ca 400 ansatte. Det sterkaste inntrykket var brannskade avdelingen, der det var fullt av barn og voksne. Mange barn brenn seg på dei opne gruene og ovnane dei lagar mat på. I Nepal er det mange som tek livet sitt med å tenne på seg sjølv etter at dei har helt over seg bensin. Dei har færre pasientar i den kategorien no, då det er mangel på drivstoff....



Arkitekturen i byen er mangenslungen. Eg såg for meg at Tansen bestod av jordhus og gamle nepalihus, slik eg har sett på gamle fortografi. Dette var då heilt feil, Tansen er blitt ein stor by med høghus og travle gater.  

vennskap

Frisøren på hjørnet

Krydderbua, der eigar set og tel opp dagens innkome.

I desse smale gatene har Eldrid trakka sine barneføtter, moro å oppleve Tansen saman med ho.

Gullsmeden


Skredderen

Mor og barn ute med snacks vogn

Ikkje noko å sei på utvalget

Krydder, poteter og karamell( sekken med dei brune klumpane til høgre i bilete)

Denne byporten skriv seg tilbake fleire hundre år.

Me hadde både lunsj og middag på Nangloo cafe


Morgon trim, opp dei mange trappene til ein utsiktsplass.

slik såg vegen  ut som me kjørde på i fleire timar, godt eg ikkje er bilsjuk


aprikos tre i blomstring, nydeleg.

 På morgonen sit familien ute og drikk te og varmar seg på bål.

Byens vannpost

Turen gjekk så vidare sydover til Butwal. På vegen kjørde me forbi eit fylgje av damer i sari. Vakre fargerike, eit syn!


Så kom me til BTI, Buitwal tecnical institute. Odd Hoftun starta yrkesskule her i 1963. Her er hagen der utsendingane budde på den tid. No var det noko slitt og lite vedlikeholdt.


Me var innom gjestehuset, men det bar preg av lite vedlikehold



Moro å sjå skulen me har lest og høyrt om.



Me fekk god informasjon frå tidlegare elevar av Odd Hoftun som no driv skulen.



Her og ber det preg av gammalt utstyr, men skulen er vel ansett i Nepal og dei utdannar elevar innan elektriker fag, maskinistar og tømrarar.

20Prosent av elevane er jenter og dei har ein kvinneleg lærar på elektrofag. Det var kong Birendra som føreslo at dei måtte ta inn jente elevar på skulen, då han besøkte dei for år tilbake.


På veg tilbake til Kathmandu, sto me to timar i kø pga vegarbeid. Dei som jobba langs vegen bur i telt, lagar seg enkel kantine og bur i vegkanten i månader.

Kvinnefellesskap er viktig om det så er i vegkanten

Pynt til frontrutene i lastebilane blir solgt langs vegen

Innimellom dei nedstøva bananplantene bur det familiar langs dei ekstrem støvete vegane. Vegarbeidet vil pågå over lang tid. Ein kan sjå maisen som heng til tørk er heilt grå. Her veks ungane opp... tru kva framtid dei har...