torsdag 15. juni 2017


Eg må litt tilbake i tid, påskeferie! Tenk me skulle heim til påske å møte familien, dei to små gullungane våras og resten av gjengen. Når du bur langt vekk er det magisk å møtast att.

Me hadde herlege dagar på hytta, ikkje minst på grunn av den store barnedåpen! Talleiv og Kristiane stilte i bunad, stod på ski til Karten Fjellkyrkje, der me hadde ein høgtideleg barnedåp og feira Lyzander. Rømmegraut og spekemat på hytta etterpå med storfamilien og kaffi og kaker med venner seinare på dagen, gjorde påska til ei einaste stor oppleving. Me er heldige...

Tilbake til Kathmandu og den grå tette tåka som prega våren her. Det var mykje forureining og pre-monsoon heile april og mai, store nedbørsmengder og til tider utriveleg å røre seg rundt i byn. Det kom kollegaer frå Oslo for å ha gjennomgang av prosjekta våre, og me hadde ei hardt arbeidande veke. Møte med partnarane er alltid inspirerande og forhåpentleg syns dei det er nyttig å evaluere arbeidet saman med oss. Denne våren har det vore fokus på krav frå Norad/Digni i forhold til nye systemer for å effektivisere bistandsarbeidet. Me kjenner av og til på gapet mellom det akademiske arbeidet som vert gjort i Norge og verkelegheten ute i felt, men det er lærerikt og interessant.

Etter nokre dagar med papirarbeid, var det fint med sightseeing.

Me besøkte Baktaphur, ein by ein liten time utenfor Kathmandu. Der er "pottery-square" med dei mange nydelege brente krukkene, lysholdarane og sparebørsene...

I Baktaphur blei det store øydeleggjingar under jordskjelvet og det er enno mykje arbeid som står att. Likevel er produksjonen av kjeramikk i full gang, innimellom dei øydelagde husa.

Nepalesarane er gode til å lage mat til mange. Her er ei stor gryte på ein gate restaurant, der dei lagar mo-mo, ein av nasjonalrettane her. Det er fylte pasta puter, smakar fortreffeleg og ein kan velge mellom vegetar-, bøffel- eller kyllingfyll.

Trass store nedbørsmengder blømer den praktfulle trompetbusken i hagen. Den har eg like utenfor kontorvinduet mitt, og gir inspirasjon dagelg i mitt arbeid. Den blømer frå byrjinga av mars til langt uti november.

UMN ( United mission to Nepal) har årleg ein retreat for dei utanlandske ansatte. I år var me heldige å få vere med og me hadde ei lang helg i Pokhara, ei dagsreise frå Kathmandu.

Me budde på Shangri-la hotel og nytte fasilitetane der. Godt å kome vekk frå kvadagen og forureininga i storbyen.

Me hadde program på morgonen og litt på kvelden, ellers var det tid for fritid, shopping, soling og bading i det nydelege bassenget i den store hagen. Me hadde og god tid til å bli kjent med gode  kollegaer frå mange deler av verden, over ein kopp kaffi.


Ellen og Calle er blitt mine nye kollegaer og det er triveleg å vere fleire ansatte i HimalPartner. Dei skal jobbe inn i to av våre prosjekt, eit i UMN og eit på KU ( Kathmandu university)

Turen heim tok 9 timar med buss, og det forstår ein når ein ser på vegstandaren. Buss sjåføren måtte ut å grave litt...det er ein vanvittig trafikk på vegane og det er eigentleg eit risikoprosjekt å forflytte seg på vegane i Nepal.
Mai er festival tid både for nepalesarane og oss. I fjor skreiv eg om den store høge vogna dei flyttar rundt i byn, ca ein månadstid i mai, for å tilbed gudane så grøda blir god. Me var meir oppteken av 17-mai. I år, som i fjor, var eg med i 17-mai kommiteen saman med gode venner og folk frå ambassaden. Det blei ei fin feiring.

Frukost med champagne, røykelaks, spekemat og eggerøre, samt kransekake, marsipankake og is. På kvelden var me invitert til canapear på Himalaya hotel og me kunne treffe alle som ambassaden har kontakt med i løpet av året. Då måtte me kle oss fint då...

Lurer på kva busk dette er...den struttar av lilla blomar i mai og juni og den er overalt i byn, vakkert. Då er det vår!

For å introdusere Ellen og Calle for turmulighetane i nærområdet, tok me dei med oss ein laurdag  til nasjonalparken Shivapuri.

Det er ein fin dagstur, der me kjem opp i 2700 meter. Me passerar eit stort kvinnekloster høgt oppe i lia og så går me gjennom ein stor trollskog, før me må ned att.

Utsikten er formidabel og denne laurdagen var det fint vær! Me såg ikkje Himalaya-fjella, men det var ein nydeleg tur.

Utfordringen var dei mange trappene på veg heim. 5 km med trapper rett ned...det gjorde vondt i leggar og lår, men det var verdt det!

I tre dagar etterpå streva me litt i trappene inne i huset, så me passa på å få med oss det me trong kvar gong me var nede på kjøkkenet eller oppe på soverommet...

Det er fantastisk arbeid som blir gjort i Nepal når det gjeld byggjing av trapper, noko me har fått erfare i Norge og. Kvart år kjem det sherpaer til Norge og byggjer fine gangvegar i fjellheimen for turistar og andre, eit utruleg handarbeid.

Dette var ei aldri så lita vårhelsing frå oss. Me har det fortsatt bra her, sjølv om store utfordringar både i jobb og i fritida gjer at me lengtar litt heim i blant. Men det er godt å kjenne på at me har venner og familie heime som fylgjer med oss i kvardag og fest og no tel me ned til sommarfeiren...