søndag 30. august 2015

Nærmiljøet

Sidan me bur på hotell no i starten, blir det til at me trør gatelangs når me ikkje er opptekne på jobb/kurs. Hotellet ligg skjerma inni ein stille roleg hage og me høyrer lite frå gatelivet. Med eingong me kjem ut i gata er det eit yrande liv. Heftig med motorsyklar som er minst to eller tre personar på. Berre sjåføren har hjelm. Bilane tutar og kjører fort på svingete vegar, skuleelevar i uniformar, bestemødre i tradisjonelle sari eller kurta og ungdomar i vestlege klede fyller gatene. Det er og mange bikkjer som rek gatelangs. Ein skomaker sit og reparerer sko og vesker, ei dame sit dagleg og steikjer maiskolbar, nokon sit berre rett opp og ned og ser på trafikken og rør med naboen. Med jamne mellomrom er det tempel plassar, der folk går innom for å bli velsigna eller ofre litt ris, kjeks eller småpengar. Det er tett i tett med butikkar og eit intenst folkeliv...då er det godt å finne ein oase...me har testa ut ein del restaurantar og lunsjplasser. Ikkje vanskeleg å finne og det er berre sååå mange herlige sjarmerande oasar.

Det er godt å sete seg ned i ein god stol etter å ha vandra litt ute i gatene. Maten er verkeleg på høgde, "nett som i byn", me har kosa oss med desse oppdagingane, her vil me få det greit...me gleder oss til å få gjester, som me kan ta med rundt. Inntrykka er mange berre etter ei og eihalv veke.

Denne veka skal eg starte med språk kurs og til helga flytter me inn i eige hus, noko som me gledar oss til. Takk for ei god helg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar