tirsdag 19. januar 2016

Utdeling av dyner

 På laurdag var me saman med eit vennepar, som bur i nabobyen, Dulikhel. Dei har satt i gang ein Facebook aksjon, der dei samlar inn pengar til dyner til dei som frys. Det er ganske mange av dei i Nepal no når vinteren er her. Mange bur i blikkskur, sidan husa rasa i jordskjelvet.
Det er veldig kaldt om nettene no, så me ville vere på denne aksjonen som Jim og Åshild har satt igang. Me gjekk til landsbyen som heiter Batedandha, og me passerte mange hus klynger, dvs blikkskur klynger. Bendik var med bilen som frakta alle dynene.

Me tenkjer at det er umulig å overvintra i desse skura, men her bur det mange i kvart skur. Dei har som oftast ei seng og der ligg det foreldre saman med borna og tenåringer. Mange har lite å varme seg med, kanskje eit teppe på deling. Det er ufatteleg at ikkje politikarane har, i forkant av vinteren , delt ut nødvendig utstyr, men mange har ikkje høyrt noko frå myndighetane.

Då me ankom landsbyen, stod Fulmaya klar til å ta imot oss. Det er ei dame som driv utviklingsarbeid i eigen landsby.mho hadde i forkant skrive opp kven som var trengende. Det var dei eldste, gamle som ikkje klara seg sjølve og barnefamilier med små ungar. Ho leste opp navna etterkvart som dei kom fram og tok imot.

Det var store forventningar til kva som skulle skje og dei møtte opp mannsterke. Den eldste som fekk dyne var 92 år og den minste berre månader gammal.

Dei var så fornøgde og glade for gava og rulla saman dynene og sat og venta til alle hadde fått.

Gamlemor ser nok for seg endeleg å få ei 
god varm natt


Etter at alle hadde fått utdelt dyner takka dei for seg og rusla heim, ned skråningene til skura sine. Takk til Jim og Åshild som satte igang denne aksjonen. Hvis du vil vere med å bidrage, har Himal Partner satt igang ein liknande aksjon vest i landet. Der er det nok endå kaldare, då der er snø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar