No er eg blitt antatt som utsending for Himal Partner og skal starte som landkoordinator i august. For å bli kjent med organisasjonen var det viktig med ein tur for å sjå på dei ulike prosjekta som Himal Partner har. Eldrid som no er landkoordinator invitera utsendingane på tur; Anne, Jim, Åshild og meg. Turen starta i Pokhara, 4 timers interessant biltur vestover frå Kathamndu. I Pokhara var det deileg temperatur ifh til Kathamndu og sommarblomane blømde på takterassen, der me åt frukost.
I Pokhara besøkte me Mirjam Bergh( utsending) som har bygd opp eit senter for pastoral care, Utruleg interessant å sjå og høyre Mirjam fortelje frå dei 12 åra ho har vore der og gjort eit stort arbeid. Ho har bla skrive ei bok på nepali, som er ei veilednings bok i sjelesorg for prestar. Me besøkte og ein organisasjon, som hadde delt ut dyner og klede til jordskjelv offer no i vinter. Eg fekk og tid til å besøkje barneheimen vår, som alltid er eit fint møte med foreldre og dei 9 borna dei har.
Vegen vidare gjekk til Tansen, som tok ca 4 timar på ein veg som berre besto av svingar, Me kjørde gjennom vakkert landskap.
Trafikkbilete er veldig annleis enn heime, og tida går fort då det skjer noko langs vegen heile tida.
Det er td fargerikt,
og dei me møter er svært blide og damene er vakkert kledd.
Her var det ein liten kar som skulle på fest, kledd i typisk nepalidrakt.
Me kom fram til Tansen gjestehus utpå dagen. I Tansen starta Himal Partner sin historie, med Ingeborg Skjervheim( jordmor) og Odd Hoftun( ingeniør), som var med å bygde sjukehus. Mange Norske utsendingar har arbeidd her og Eldrid hadde sin barndom i Tansen.
Me kjente at det var viktig å ha vore der, og det var utruleg imponerande å få omvisning på sjukehuset. Dei har mange avdelingar og dei behandlar rundt 100 000 pasientar i året. Dei tek imot over 2000 barn årleg, og dei har ca 400 ansatte. Det sterkaste inntrykket var brannskade avdelingen, der det var fullt av barn og voksne. Mange barn brenn seg på dei opne gruene og ovnane dei lagar mat på. I Nepal er det mange som tek livet sitt med å tenne på seg sjølv etter at dei har helt over seg bensin. Dei har færre pasientar i den kategorien no, då det er mangel på drivstoff....
Arkitekturen i byen er mangenslungen. Eg såg for meg at Tansen bestod av jordhus og gamle nepalihus, slik eg har sett på gamle fortografi. Dette var då heilt feil, Tansen er blitt ein stor by med høghus og travle gater.
vennskap
Frisøren på hjørnet
Krydderbua, der eigar set og tel opp dagens innkome.
I desse smale gatene har Eldrid trakka sine barneføtter, moro å oppleve Tansen saman med ho.
Gullsmeden
Skredderen
Mor og barn ute med snacks vogn
Ikkje noko å sei på utvalget
Krydder, poteter og karamell( sekken med dei brune klumpane til høgre i bilete)
Denne byporten skriv seg tilbake fleire hundre år.
Me hadde både lunsj og middag på Nangloo cafe
Morgon trim, opp dei mange trappene til ein utsiktsplass.
slik såg vegen ut som me kjørde på i fleire timar, godt eg ikkje er bilsjuk
aprikos tre i blomstring, nydeleg.
På morgonen sit familien ute og drikk te og varmar seg på bål.
Byens vannpost
Turen gjekk så vidare sydover til Butwal. På vegen kjørde me forbi eit fylgje av damer i sari. Vakre fargerike, eit syn!
Så kom me til BTI, Buitwal tecnical institute. Odd Hoftun starta yrkesskule her i 1963. Her er hagen der utsendingane budde på den tid. No var det noko slitt og lite vedlikeholdt.
Me var innom gjestehuset, men det bar preg av lite vedlikehold
Moro å sjå skulen me har lest og høyrt om.
Me fekk god informasjon frå tidlegare elevar av Odd Hoftun som no driv skulen.
Her og ber det preg av gammalt utstyr, men skulen er vel ansett i Nepal og dei utdannar elevar innan elektriker fag, maskinistar og tømrarar.
20Prosent av elevane er jenter og dei har ein kvinneleg lærar på elektrofag. Det var kong Birendra som føreslo at dei måtte ta inn jente elevar på skulen, då han besøkte dei for år tilbake.
På veg tilbake til Kathmandu, sto me to timar i kø pga vegarbeid. Dei som jobba langs vegen bur i telt, lagar seg enkel kantine og bur i vegkanten i månader.
Kvinnefellesskap er viktig om det så er i vegkanten
Pynt til frontrutene i lastebilane blir solgt langs vegen
Innimellom dei nedstøva bananplantene bur det familiar langs dei ekstrem støvete vegane. Vegarbeidet vil pågå over lang tid. Ein kan sjå maisen som heng til tørk er heilt grå. Her veks ungane opp... tru kva framtid dei har...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar