mandag 4. januar 2016

julefeiring


Å feire jul i eit framandt land går veldig bra, sjølv om ingenting er som heime. Viktigast for oss i år var å få ungdomane på besøk. Marte og Tore kom ei veke før, så me fekk gjere litt førebuing saman Me fekk i tillegg ein tur til kaffiplantasjen til Barrath som ligg i Dhading, tre timar utav byn.

Julefeiring med pinnekjøtt, toro kålrotstappe og multekrem til dessert var etterlengta og det var stas å vere saman alle desse dagane. I romjula reiste me til Nagarkot, to timar utav byn, for å sjå på sol nedgangen og soloppgangen over Himalaya. Det var magisk og må opplevast. Det blir mektig og me blir små i den samanhengen.

Gode dagar sjølv om me alle kjente på kulden om kveldane. Me sat innpakka i ullpåull , pashmina sjal og pashminapledd. På dagtid kunne me nyte sola på terassen, men duverden kor kaldt det er når ein ikkje kan varme opp huset innvendig. Her er ikkje gass å få kjøpt, ellers hadde me kunna bruka gassovn til oppvarming. Me har ein elektrisk ovn, men me er utan straum 11 timar dagleg, så då er det lite hjelp i den. Mange kubbelys og telys og kroppar som sit tett i sofaen var det einaste me kunne varme oss på. Ein kald erfaring å vere i Nepal på denne tid.
Marte og Tore reiste til Etiopia for å feire nyttår. Me andre fekk oss ein tur sør i landet til Chitwan. Der opplevde me elefantsafari der me kom nært innpå nashorn, krokodillesafari og fotballkamp mellom elefantar. Flott oppleving.


Politisk er det lite nytt ifh til kva det var i oktober og november. Blokaden er delvis oppheva, men det tek månader før det er som før. Det var 20 mil kø ved ein grenseovergang med lastebilar. Mange av bilane hadde gammal mat...det er fortsatt mangel på varer og tjenester. Svartebørsen herjar, så folk kjøper diesel der til høg pris. Trafikken går difor nesten som før, men det er trist å høyre korleis politi og politikarar skor seg på børsen. Mange butikkar og rastaurantar er stengde, korleis folk klarar seg er uforståeleg. Dei reknar med at mange barn dør i vinter av mangel på medisin, jordskjelvoffer har enno ikkje fått hjelp og går ein hard vinter i møte, mange bur i telt. Heile situasjonen er på grunn av udugeleg politisk styre. Det er mykje praat og lite handling, det er store uenighetar mellom folket i sør og gouverment i Kathmandu.Det er vondt å sjå og oppleve og avisene har motstridande info om korleis utviklinga blir framover. Pga mangel på gass til matlaging kjøper folk elektriske plater og transformatorar ryk dagleg pga overforbruk. Det heile er ein vond sirkel og me er spente på korleis tida blir framover. GODT NYTTÅR TIL FAMILE OG VENNER FRÅ OSS.



1 kommentar:

  1. Det må være spennende og fint å feire jul i et fremmed land! Så koselig å samle alle, det er jo det som er det viktigste :) Håper dere får et flott år i Nepal, og at dere tar en tur hjemover i løpet av året også :)

    SvarSlett