Me kjører gjennom nydeleg landskap og lufta er klarare. Det er imponerande så fint dei held terassane. No er det sennep, poteter og kål som blir dyrka. Nokre stadar er det vinter kveite, før dei gjer klar for risplanting i mai.
Me skal kjøre gjennom mange dalar forbi alle blåner
Vegen er fin, laga av japanarar, og turen til Kimthi, kraftverket tek omlag fire timar.
Langs vegen er det mykje å sjå. Kvardagslivet foregår i vegkanten. Her kjørte me forbi eit kvinnefellesskap. Dei sit tett saman og "rør". Helgevask, oppvask, ungevask og klesvask foregår i vegkanten. Ellers møter me på geiter, høner, bikkjer, oksar og ender som går midt i vegen. Det skjer heile tida noko langs vegen, så det er ikkje kjedeleg.
Fleire stadar kjører me gjennom store jordbruksareal, me må stoppe å ta bilete. Det er tørt mange stadar no, vintermonsoonen er ikkje kome og sommarmonsoonen var liten i fjor. Skjønar ikkje at dei kan gro noko som helst her. Heldigvis har dei elva i nærleiken, som dei leder vatn frå.
Så er me på Kimthi og Bendik får jobbe litt. Eg sit ved pipaltreet og les bok. Det er fredeleg og godt. Eg får og ta meg ein tur gjennom landsbyen der, men eg blir beglodd og ungane ler av meg...eg går fort, er kledd annleis og ser sikkert rar ut for dei. Dei fleste helsa og er svært blide, nokon vil snakke med meg og eg får øve på nepali.
Heimturen tek me over Cherikot og Mode. Vegen vart øydelagt i jordskjelvet, men no er den reparert. Me kjørte denne vegen ti år tilbake og det er moro å mimre. Me kjører over eit pass som er over 2000 meter. Her er godt og kaldt. Det er faktisk ein landsby på toppen her som blei øydelagt i jordskjelvet, nye blekkhus er satt opp.
Lott nedi dalen, ca 2000 MOH kjøper me poteter. Dei er smakfulle og gode. Sjåføren forhandlar om prisen og me tek med heim ein liten sekk.
Eit lite eventyr kvar gong me er på tur. Nepal er eit vakkert land, men denne gongen kjørte me gjennom ein av dei distrikta som er mest hardt råka av jordskjelvet. Det var vondt å sjå så mykje øydeleggjingar. Heile landsbyer var bygd opp att med blekk skur. Det må vere kaldt gjennom vinteren.
Det er alltid godt å kome heim att til si eiga varme dundyne, men tankane går til dei som frys. ...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar