fredag 5. februar 2016

Prøvelsar i kvardagen

I dag er det blitt nokre grader mildare i Kathamndu. Dvs at ein klarar seg med eitt lag ull. Kanskje det går mot vår? Det har vore to kalde månader, som har krevd mykje energi. For å gi eit lite bilete på korleis det kan sjå ut, vil eg skildre ein heilt alminneleg dag i januar.


Eg vaknar og ligg under den varme gode dundyn heimanfra. Øyreflippane er iskalde, likeeins nasa og fingrane, eg lurer på om eg orkar å stå opp i det iskalde huset. Eg står opp og tek på meg tøflar. då det er iskaldt på golvet, går inn på do og set meg på det iskalde dosete...eg tek meg ein dusj, brrr, batteriet i dusjen er ikkje på lag, enten er det kaldt eller kokvarmt. I dag er det greit at det er kokvarmt, då vatnet blir avkjølt på veg ned mot kroppen( det seier litt om temperaturen i rommet). Eg tørkaar meg ed eit handklede som ikkje er heilt tørt, eg dusja nemleg i går og...Brrr eg får på meg kort arma og langarma ullundertøy, ein stilongs, ei bukse og ullgenser, så har eg det rimeleg greit. I kjøkkenet er det så kaldt at eg må ta på dynejakka...det er ikkje straum til å lage kaffi ( det får bli når straumen kjem, har tre timar med straum seinare i dag). I dag vil eg lage snurringar...eg set ein deig, lunkar væska på gasovnen, men har for lite kveitemjøl...går på bua og spør etter mjøl, men dei har gått tomt, går til neste, dei har heller ikkje, ringer til hushjelpa som prøver å få tak i på veg heim til oss. Eg kjem heim, deigen har imellomtida blitt iskald, ikkje bra for gjærdeig...kokar opp vatn på gassovnen og klarar å lage eit vannbad, som til slutt gjev litt heving. Tungvint start på dagen.


I løpet av dagen er det fleire ting som er tungvint; internett kjem og går. Alle veit kor irriterande det er når ein skal site å jobbe. Eg tek ein handle tur, men det er enno varer som manglar i hyllene, då ikkje alle grense overgangar er opna, eg får ikkje det eg skal ha...jaja, det får eg tak i seinare eingong. Eg går heim og set på ein vaskemaskin då straumen er kome att. Det viser seg at eg rekk akkurat ein maskin før straumen går att. Tenkjer å legge saman klede eg vaska for to dagar sidan, men dei er ikkje tørre. No om dagen klarar ikkje den vesle sola som er framme å tørke kleda og inne tørkar dei ikkje på fleire dagar....


slik går no dagan...


Trass dette har me det ikkje så verst. No ser me fram til varmare dagar, me kan ut av hiet, vere meir sosial og bruke energien annleis. Me møter flotte folk, nepalesarar som smiler, helsar, og klagar ikkje. Dei har det tøffare enn me har det. Me kjenner at me er velkomne her...


I går kveld var det eit jordskjelv på 5.5. Me var ute då og folk kom springande utav husa, ut på gata, dei var redde. Heldigvis blei det med det eine...
God helg



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar