fredag 18. september 2015
Tolmodighetstest
Eg har nevnt det før, men må gjenta meg sjølv; ikkje alt blir som ein planlegg og ikkje er alt slik du vanligvis forventar at ting skal vere...nokre eksempel frå kvardagen: det er 33 vindu i huset og dei har me opne på dagtid, då det nyleg er mala inne. Når me skal lukke dei om kvelden er det få som går skikkeleg att, ein må slå banke og dunke litt, så går det. Det er doble vindu og dei må lukkast me ei klemme som passar NESTEN inn i ei anna klemme. Det er 7 dører ut, då det er mange små luftebalkongar. Låsane i dørane virker av og til, hvis ein står lenge nok og vrir mange nok gonger, skal det gå. Nokre av dørhamdtaka har god slark, men virker somregel bra. Hvis me tek hardt i får me alle skapdørane opp...på kjøkkenet heng dei fleste skapa nesten beint, litt olje i hengslene, så knirker dei berre av og til...må ikkje vri vann kranane for mange omdreiningar når me skal stoppe vatnet, då det begynner å renne for fullt att. Av og til har me varmt vatn, det lønner seg ikkje å vere fyrste mann i dusjen, og straumen kjem og går fleire gongar i løpet av dagen, det er fint kvar gong den kjem...eg kjøpte neglelakk fjerner i går, den var best quality, og den var blank og fin, men tok ikkje bort gammal neglelakk, kjøpte ny i dag den virka!!!! Eg kjøpte ei solid pepperkvern i stål, men det kjem ikkje pepper ut( brukar mortar istadenfor)det er høg luftfuktighet no, så salt og fint sukker er klumpete...kjøpte ei nydeleg pute med glidelås, men glidelåsen funka ikkje, stanga til dusjforhenget dett stadig ned...den er nok litt for kort...gjekk til innkjøp av x antall lighterar, då eg bruka ei eske med fyrstikker for å tenne eit lys. Slik går no dagane. Syns me har blitt flinke på kort tid å godta at slik er det...god helg.
tirsdag 15. september 2015
Velkommen til oss
ENDELEG...No kan me ynskja velkommen til oss. Det er heilt fantastisk faktisk, me har no flytta inn i eige hus, og på kort tid fått det heimekoseleg og triveleg. Intense dagar sidan fredag, då eg starta dagen med husvask, støvtørking og soping. Gjorde dette saman med Esuda, didien vår(hushjelp) ei herleg dame med mykje humør, trillande latter og veldig flink. Laurdag fortsatte me å vaske, tørke støv og vaske alle kjøkkenredskap/kopper og fat eg hadde kjøpt. Kvar enkelt ting var det klistremerke på som var vanskeleg å få av...brukte nokre timar på dette...så fylte me skuffer og skap...samtidig med oss var det fire fem stk som dreiv å malte vinduskarmar, dørkarmar og gelender...dei skulle vere ferdig fredag, men haldt på t.o.m mandag. I dag har dei drive på utvendig, blir så fint atte...
Sundag morgon flytta me frå hotellet og dreiv på heile dagen å pakke ut cargo, koffertar og vesker. Sengene me hadde bestilt kom sundag ettermiddag og han me hadde bestilt spisebord av var der og. Han sat på garasjegolvet og stoppa stolane med fint ullstoff frå Atelier Aase. Stor aktivitet heile dagen og når kvelden kom feira me. Me har ein to-mans veranda, der me er skjerma frå innsyn, me sat nokre timar, nytte utsikten, maten og vinen, idet heile ein herleg kveld i tosomhet.
Mandag morgon, frukost på kjøkkenet og kvardagen kunne begynne. Me er svært nøgde, dei som er rundt oss( vakter, sjåfør og hushjelper) er herlige folk og her kan me like oss. Kjente no at eg måtte skrive og ynskje velkommen til oss...eg og didi gjekk i nærområdet og handla inn frukt og grønnsaker på formiddagen, så hadde me ein stor handel på kjøpesenter, litt av kvart som skal til for å ha eit oppegåande kjøkken med krydder, mjølsortar, pasta, oljer og frysevarer o.l. Til middag ville didi lage ein kyllingrett og grønnsaker i curry...det var koseleg når Bendik kom heim og me kunne ete middag i stova.
Internett fungerar, me får vekentleg påfyll av vatn både i store tankar ute og mindre holkar til innebruk, og telefon og elektrisitet fungerar innimellom. Det er straum utkobling to gongar til dagen, må berre planlegge når ein skal bruke vaskemaskin...I dag fekk eg kjøpt litt tekstilar/ dukar, blomster og ein kommode til soverommet. Så no er me nesten i mål. Dei fyrste middagsgjestene kjem i morgon kveld, det blir triveleg.
Ja dette blei mykje husbrann, men eg har vore veldig oppteken med det i det siste, så då blir det slikt ein formidlar...har vore på nepalitime i dag og kjenner at eg kan kommunisere litt bedre...øver på sjåføren, vakten og didi.
Desse to fyrste morgonane har eg og Bendik starta dagen med sykkeltur i nærområdet. Me står opp kl 06.00, syklar i tre kvarter utgjennom landsbygda. Det er berre herleg, grøne rismarker og mindre tett befolka. Men det er mange som trenar om morgonen her, mange går, nokre står i veikanten og gjer øvelser og andre syklar eller jogger. I dag kom me til ein landsby der det var festival...hundrevis av mennesker var samla, såg ut som kvar familie hadde sin prest, dei sat i flokker og messa, song og ofra til gudene. Offer kan vere eit fat med blomster, ris og kjeks og ein skvett med vatn...andre sat i ring og spela trommer, dei fleste kjøpte små lys og tente, plassera dei rundt ei vogn og bad om velsigning...klokka var berre 06.30, og det yra av liv. Dei fleste damene var kledd i rødt, fargerikt...
I morgon er det og festival, tiij, det er kvinnedag. Damene fastar, får mykje oppmerksomhet frå familien og dei skal innom eit tempel. Det er fantastisk å sjå kor dei samlast i gatene, raudkledde og med blomster i håret, så går/ dansar dei timevis i kø gjennom byen for kome til eit spesielt tempel...annleis landet...
Snakkast om litt...
søndag 6. september 2015
Uforutsigbar kvardag
Som tidlegare nevnt blir det sjeldan som ein tenkjer, trur og planlegg. Her må ein vere fleksibel, det nyttar ikkje å vere perfeksjonist eller ha heilt bestemte meiningar om korleis ein vil ha det...me skulle flytte inn denne helga, men det blir neste helg heller...fordelen er at det blir nymalt innvendig, og me slepp å bu midt oppi arbeidsfolk som styrer rundt. Me har fått ein snekker til å lage spisebord og stolar. I forkant teikna me korleis me ville ha det og oppgav mål på stolane. Blei ikkje heilt som me hadde tenkt, men det blir godt brukande...såg for meg nokre nette stolar, som heller blei litt klumpete...brukte dagen i dag på bestille senger, syklar og nokre skap, pluss at me gjekk til innkjøp av nokre tepper til...nærmar seg at me kan få det koseleg i heimen.
Ellers har det vore moro å starte med språk. Har to forskjellige lærarar, to timar to dagar i veka foreløpig. Eg er saman med ei norsk venninne og det fungerer supert. Det blir litt pugging framover og eg må øve på dei som er rundt oss. Famlande og stotrande blir det, men nepalesarane syns det er moro at me vil lære språket.
Denne veka har den ambulerende sjømanspresten som har ansvar for Asia vore her. Han har vore med på lunsjar og middager saman med fleire norske som er her, trivelege dagar. Har vore litt på sightseeing, det er som oftast ein happening, likbrenning og heilage plassar både for hinduisme og buddhisme, og utfordrande kjøreturar rundt i byn i den heilt kaotiske trafikken. Når me stoppa i lyskryss, er det underhaldande at apekattane slenger seg på linjene over vegen, ellers er det mange motiv i gatebilete, overfylte bussar med geit på taket, folk som transporterer alt muleg på syklane sine, alt frå høner og egg til møblar og store lass med søppel.
Bendik har lange dagar og har nok av utfordringar. Denne veka skal han til Kimthi, kraftverket som ligg 5 timar unna Kathmandu. Det har vore litt besøk frå Norge nokre dagar, så me har vore sosiale i helga.
Ellers har me fått med oss via sosiale medie den fine feiringa i Hauggrend i helga, der Talleiv fylte 30 år. Moro når gode venner møtes og markerer ein så stor dag til ein flott kar. Stolte foreldre...ha ei god veke der du er.
Abonner på:
Innlegg (Atom)