fredag 18. september 2015

Tolmodighetstest

Eg har nevnt det før, men må gjenta meg sjølv; ikkje alt blir som ein planlegg og ikkje er alt slik du vanligvis forventar at ting skal vere...nokre eksempel frå kvardagen: det er 33 vindu i huset og dei har me opne på dagtid, då det nyleg er mala inne. Når me skal lukke dei om kvelden er det få som går skikkeleg att, ein må slå banke og dunke litt, så går det. Det er doble vindu og dei må lukkast me ei klemme som passar NESTEN inn i ei anna klemme. Det er 7 dører ut, då det er mange små luftebalkongar. Låsane i dørane virker av og til, hvis ein står lenge nok og vrir mange nok gonger, skal det gå. Nokre av dørhamdtaka har god slark, men virker somregel bra. Hvis me tek hardt i får me alle skapdørane opp...på kjøkkenet heng dei fleste skapa nesten beint, litt olje i hengslene, så knirker dei berre av og til...må ikkje vri vann kranane for mange omdreiningar når me skal stoppe vatnet, då det begynner å renne for fullt att. Av og til har me varmt vatn, det lønner seg ikkje å vere fyrste mann i dusjen, og straumen kjem og går fleire gongar i løpet av dagen, det er fint kvar gong den kjem...eg kjøpte neglelakk fjerner i går, den var best quality, og den var blank og fin, men tok ikkje bort gammal neglelakk, kjøpte ny i dag den virka!!!! Eg kjøpte ei solid pepperkvern i stål, men det kjem ikkje pepper ut( brukar mortar istadenfor)det er høg luftfuktighet no, så salt og fint sukker er klumpete...kjøpte ei nydeleg pute med glidelås, men glidelåsen funka ikkje, stanga til dusjforhenget dett stadig ned...den er nok litt for kort...gjekk til innkjøp av x antall lighterar, då eg bruka ei eske med fyrstikker for å tenne eit lys. Slik går no dagane. Syns me har blitt flinke på kort tid å godta at slik er det...god helg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar