tirsdag 15. september 2015

Velkommen til oss

ENDELEG...No kan me ynskja velkommen til oss. Det er heilt fantastisk faktisk, me har no flytta inn i eige hus, og på kort tid fått det heimekoseleg og triveleg. Intense dagar sidan fredag, då eg starta dagen med husvask, støvtørking og soping. Gjorde dette saman med Esuda, didien vår(hushjelp) ei herleg dame med mykje humør, trillande latter og veldig flink. Laurdag fortsatte me å vaske, tørke støv og vaske alle kjøkkenredskap/kopper og fat eg hadde kjøpt. Kvar enkelt ting var det klistremerke på som var vanskeleg å få av...brukte nokre timar på dette...så fylte me skuffer og skap...samtidig med oss var det fire fem stk som dreiv å malte vinduskarmar, dørkarmar og gelender...dei skulle vere ferdig fredag, men haldt på t.o.m mandag. I dag har dei drive på utvendig, blir så fint atte... Sundag morgon flytta me frå hotellet og dreiv på heile dagen å pakke ut cargo, koffertar og vesker. Sengene me hadde bestilt kom sundag ettermiddag og han me hadde bestilt spisebord av var der og. Han sat på garasjegolvet og stoppa stolane med fint ullstoff frå Atelier Aase. Stor aktivitet heile dagen og når kvelden kom feira me. Me har ein to-mans veranda, der me er skjerma frå innsyn, me sat nokre timar, nytte utsikten, maten og vinen, idet heile ein herleg kveld i tosomhet. Mandag morgon, frukost på kjøkkenet og kvardagen kunne begynne. Me er svært nøgde, dei som er rundt oss( vakter, sjåfør og hushjelper) er herlige folk og her kan me like oss. Kjente no at eg måtte skrive og ynskje velkommen til oss...eg og didi gjekk i nærområdet og handla inn frukt og grønnsaker på formiddagen, så hadde me ein stor handel på kjøpesenter, litt av kvart som skal til for å ha eit oppegåande kjøkken med krydder, mjølsortar, pasta, oljer og frysevarer o.l. Til middag ville didi lage ein kyllingrett og grønnsaker i curry...det var koseleg når Bendik kom heim og me kunne ete middag i stova. Internett fungerar, me får vekentleg påfyll av vatn både i store tankar ute og mindre holkar til innebruk, og telefon og elektrisitet fungerar innimellom. Det er straum utkobling to gongar til dagen, må berre planlegge når ein skal bruke vaskemaskin...I dag fekk eg kjøpt litt tekstilar/ dukar, blomster og ein kommode til soverommet. Så no er me nesten i mål. Dei fyrste middagsgjestene kjem i morgon kveld, det blir triveleg. Ja dette blei mykje husbrann, men eg har vore veldig oppteken med det i det siste, så då blir det slikt ein formidlar...har vore på nepalitime i dag og kjenner at eg kan kommunisere litt bedre...øver på sjåføren, vakten og didi. Desse to fyrste morgonane har eg og Bendik starta dagen med sykkeltur i nærområdet. Me står opp kl 06.00, syklar i tre kvarter utgjennom landsbygda. Det er berre herleg, grøne rismarker og mindre tett befolka. Men det er mange som trenar om morgonen her, mange går, nokre står i veikanten og gjer øvelser og andre syklar eller jogger. I dag kom me til ein landsby der det var festival...hundrevis av mennesker var samla, såg ut som kvar familie hadde sin prest, dei sat i flokker og messa, song og ofra til gudene. Offer kan vere eit fat med blomster, ris og kjeks og ein skvett med vatn...andre sat i ring og spela trommer, dei fleste kjøpte små lys og tente, plassera dei rundt ei vogn og bad om velsigning...klokka var berre 06.30, og det yra av liv. Dei fleste damene var kledd i rødt, fargerikt... I morgon er det og festival, tiij, det er kvinnedag. Damene fastar, får mykje oppmerksomhet frå familien og dei skal innom eit tempel. Det er fantastisk å sjå kor dei samlast i gatene, raudkledde og med blomster i håret, så går/ dansar dei timevis i kø gjennom byen for kome til eit spesielt tempel...annleis landet... Snakkast om litt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar