søndag 6. september 2015

Uforutsigbar kvardag

Som tidlegare nevnt blir det sjeldan som ein tenkjer, trur og planlegg. Her må ein vere fleksibel, det nyttar ikkje å vere perfeksjonist eller ha heilt bestemte meiningar om korleis ein vil ha det...me skulle flytte inn denne helga, men det blir neste helg heller...fordelen er at det blir nymalt innvendig, og me slepp å bu midt oppi arbeidsfolk som styrer rundt. Me har fått ein snekker til å lage spisebord og stolar. I forkant teikna me korleis me ville ha det og oppgav mål på stolane. Blei ikkje heilt som me hadde tenkt, men det blir godt brukande...såg for meg nokre nette stolar, som heller blei litt klumpete...brukte dagen i dag på bestille senger, syklar og nokre skap, pluss at me gjekk til innkjøp av nokre tepper til...nærmar seg at me kan få det koseleg i heimen. Ellers har det vore moro å starte med språk. Har to forskjellige lærarar, to timar to dagar i veka foreløpig. Eg er saman med ei norsk venninne og det fungerer supert. Det blir litt pugging framover og eg må øve på dei som er rundt oss. Famlande og stotrande blir det, men nepalesarane syns det er moro at me vil lære språket. Denne veka har den ambulerende sjømanspresten som har ansvar for Asia vore her. Han har vore med på lunsjar og middager saman med fleire norske som er her, trivelege dagar. Har vore litt på sightseeing, det er som oftast ein happening, likbrenning og heilage plassar både for hinduisme og buddhisme, og utfordrande kjøreturar rundt i byn i den heilt kaotiske trafikken. Når me stoppa i lyskryss, er det underhaldande at apekattane slenger seg på linjene over vegen, ellers er det mange motiv i gatebilete, overfylte bussar med geit på taket, folk som transporterer alt muleg på syklane sine, alt frå høner og egg til møblar og store lass med søppel. Bendik har lange dagar og har nok av utfordringar. Denne veka skal han til Kimthi, kraftverket som ligg 5 timar unna Kathmandu. Det har vore litt besøk frå Norge nokre dagar, så me har vore sosiale i helga. Ellers har me fått med oss via sosiale medie den fine feiringa i Hauggrend i helga, der Talleiv fylte 30 år. Moro når gode venner møtes og markerer ein så stor dag til ein flott kar. Stolte foreldre...ha ei god veke der du er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar