torsdag 1. mars 2018

FEBRUAR MÅNAD, TIGERSAFARI, KONFERANSE OG KALDE KVELDAR


I Kathamndu måler ein no "all time high" forureining. Dagane er grå, me kikkar optimistisk ut vinduet om morgonen og konstanterar tåke, brunt lag som ligg  over byn og det er framleis kaldt å stå opp. Når me går i gatene må me myse for å sjå og det klør i augo pga støv, det krislar i halsen og skjortekragen til Bendik er svart kvar ettermiddag. Ikkje bra...me prøver å reise ut av byn i helgane. Barath, vår nepali venn, inviterte oss ei lang helg til Bardiya nasjonalpark for å gå på tigersafari...

Ikkje vanskeleg å be...Fredag kjørte me rundt i nærområdet og såg på landsbylivet. Det er eit område syd vest i Nepal og naturem er annleis enn det me har sett før.

Store trær ved elvebredden og eit yrande fugleliv. Me såg fargerike fuglar og det er interesant å reise på tur med ein ornotolog, som kjenner meir enn 3000 fugleartar.

Det er store elveleier og flotte bruer i området. Over alt er det folkeliv og det skjer noko i veikanten heile tida. Fargerike nydelege nepalijenter er her på sykkeltur.

Dette er framkomstmiddelet denne helga. Den hostar seg fram og det er slark i alle ledd, men me storkosa oss i open bil. Det er mykje å sjå og me kjem nært inn på folkelivet på ein slik tur.

Klesvasken heng til tørk oppå graset

I denne delen av Nepal er det fortsatt oksekjerrer som er bonden sitt framkomstmiddel. 

Det meste kan fraktast på sykkel og her er ein som er syklande kjøpmann.

Dette distriktet ligg heilt på grensa til India og damene her har dagleg tur over grensa for å hente ved. Det er ikkje lov, men politistasjonen som ligg like ved ser mellom fingrane på denne aktiviteten.

Dei må ha sterke nakkar desse damene, ei slik bør kan vere 40-50 kg.

Ekteparet Midtgarden nyt jungelstemningen.

Her er ein geiteflokk som kjem over grensa, det er god butikk å selgje geiter.

Fleire sterke damer...

Etter ein spurt i ei trapp er Bendik bøgd med formen og den blå himmelen.

Fyrste kvelden var ein fantastisk solnedgang.

Tidleg neste morgon er det opp og ut. Ni timar i jeep for å finne tiger. Det var rikeleg med hjortedyr å sjå, spotted deer. Jungelen er vakker her,

To ulike sortar med apekattar trivast side om side i parken og det yra av dei.

Me fekk og nærkontakt med nashorn. Dei er svær farlege, men me hadde dei i passe avstand. Her har me lunsjpause medan me ser eit nashorn kjem til elvebredden og drikk vatn.

SÅÅÅÅ fann me ferske tigerspor. Me bråstoppa bilen, hoppa ut og begynte å gå innover i jungelen. sjåføren vår såg hovudet på tigeren i graset og guiden vår kjente sterk tigerlukt...Me sat og ved ein elvebredd i 50 min og høyrde tigeren brøla på andre sida av elva der me sat. utruleg spennande.


Kor trygt er det å gå innover i dette området tru? Guiden vår hadde ein kjepp...

Neste dag reiste me til Karnali for å sjå på eit kraftverk og den største brua i Nepal. Det var eit fantastisk område. Der var sterk vind, så det var vanskeleg å stå oppreist nesten. Etter klokka 12 på føremiddagen kjem det vindar nedgjennom dalen og det er sandstorm nedover elva.

Det må vere utruleg å sjå denne elva i monsoonen! No er det tørketid, likevel var det store straumar i elva. Me såg eit tjuetals med krokodillar langs med elvebredden, som låg å dorma seg.

Lunsjen blei innteken i vegkanten og me hadde deileg fiskesnacks i tillegg til nudelsuppe.

Så avslutta me helga med ein flytur på ein time tilbake til Kathamndu, takk for turen, Barath!



I nærmare 1 år har me planlagt Internasjonal Mental Helse Konferanse. Det var flotte lokale og nydelege dekorasjonar og flotte posters både inne og ute. 11 forskjellige land var presenterte under konferansen og det var 400 deltakarar.

Me var ein av mange som stod bak arrangementet og tema var "saman for mental helse"

Den norske ambassadøren var med på opningsermonien og kom med ei flott helsing. Alt frå akademisk forskningsbasert arbeid til grasrot arbeid var presentert og me var godt nøgde med konferansen, som kjem til å bety mykje for mental helse i Nepal.

Det var og over 40 utstillarar som viste sitt viktige arbeid og me god innsyn i kva arbeid som blir gjort rundt om i landet.

Ein av våre partnarar driv vidareutdanning av lærarar. Eg blei invitert med på graduation cermony for 75 studentar. Kurset er velkjent og populært, det er fullteikna kurs for heile denne perioden.

Plutseleg er februar månad over og me ser tilbake på ein travel og triveleg månad. På slutten no fekk me kjekt besøk frå broder Torleiv, svigerinne Turid og tre vennepar, Dei er i fjella på trekking medan me jobbar, men i helga skal me møtast å feriere litt saman.

Bendik fekk seg ei helikopter tur til Everest basecamp saman med kollegaer og må vere fornøgd med den fjellturen for dene gong. I dag er det 1 mars og holi festival. Det er ein fargerik festival der alle som er ute i gatene blir dynka ned i farga vatn eller berre fargestoff. Eg held meg inne...temperaturen har stige og no ser me fram til varmare dagar og kveldar, der skuldrene kan senke seg og kroppane kan ha det bedre. Sjåast neste gong.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar