I dag skriv me 11 mars og det er kun dagar til me reiser frå Kathmandu. 16 mars går turen til Spania for å møte storfamilien i konfirmasjon og femtiårsdag til broder Steinar, og så landar me i Norge langfredag. då er det hytte tur, påske ferie saman med alle ungdomane og dei nærmaste vennene på fjellet...men som Baloo seier i Jungelboka; " man må være der man er og ikke vere der man ikke er..." Ok då er det å halde seg her og vere til stades enno nokre dagar. det er forresten ikkje vanskeleg, fordi denne veka er me "foreldre for Julia og Mari". Foreldrene er på trekking og me kosar oss med å vere "bånjøl". Det er hektisk å vere foreldre til tenåringar blir me minna på. Det er henting og bringing til skule, kulturskule og aktivitetar på skulen, høgtlesing, øving på instrument, lekselesing, kortspel og film på kveldane...Mari og Julia som er femten og ni år, er supre jenter, så det går så bra att...
Plutseleg kom våren. varmen tek skikkeleg tak på dagtid. på kveldane er det kjøleg, men stilongsen er pakka vekk. Det blømer i hagen, Montbresiaen luktar sååå godt på terassen og me kan site ute og nyte utsikten og dei fine blomane. Det gjer godt etter ein knall hard vinter...
Det har faktisk vore dagar me utsikt til fjella denne månaden, men ellers er det frykteleg mykje forureining i Kathmanu. Begge to har vore styggeleg forkjøla og hosten har vart og vart...ikkje bra å puste inn dette, men me prøver å skifte luft i lungene i helgane. Me bur og eit hakk høgare enn sjølve byn, så me ber og håpar om at me ikkje får langvarig skade av å bu her...
Kaffiplantasjen til vår kamerat Barrath, er ein god stad å reise i helga når me kjenner me treng litt avkobling. Der har me planta oss kvar si kaffiplante og om nokre år kan me hauste vår eigen kaffi...Eg var der ein tur i haust, og før jul var Marte og Tore med dit, og me hadde ein fin tur dit i februar. Spennende å få kjennskap til korleis ein dyrkar og lagar kaffi, det er ein møysommeleg jobb og hardt arbied. Neste gong du drikk kaffi, kan du tenkje på at det er handarbeid og ein lang prosess før du har kaffi i koppen.
Me hadde oss og ei helg til Dulikhel, nabo by, der me besøkte et vennepar. Sundagen var me på dagsturtrekk til eit fint kloster oppå ein høgde, verdt eit besøk.
Kvardagen er rimeleg hektisk for Bendik. Han har lange dagar, men mestrar utfordrinagne som dukkar opp heile tida. Han fekk med seg ein vannkraft konferanse i Laos forrige veke, noko som inspirerar. Det blir lite tid i kvardagen til andre ting, men me rekk å vere litt sosiale, og me tek ein og anna bytur. Det er godt å site i sofaen , lese bok og høyre på musikk og. Godt at me trives i kvarandre sitt selskap. Me er spente på korleis hausten blir, då fleire av våre nærmaste venner reiser heim. SLik er det å bu her, folk kjem og går, ein knyttar kontaktar og så blir det oppbrudd...
Eg begynner å få litt tak på språket og har vore i fleire samanhengar no der eg skjønar litt meir...kjenner eg ikkje sååå utenfor lengre. Har kjent på det mange gonger og det er ein erfaring det og. Eg har vore med på eit "barnehjemsoppdrag", der to gutar må plasserast i barneheim, då foreldrene har reist frå dei. Gutane er fem og tre år, hjerteskjærande å sjå, men vanskeleg for oss å vite heile historien. Landsbyen der dei har vokse opp, blei totalskada i jordskjelvet og mor stakk av med ein kar. Faren er ikkje i stand til å ta seg av dei og har hatt lite kontakt med gutane sine. Mange barneheimar her er big buissnes og prega av lite omsorg. Heldigvis kjenner eg ei som er psykolog som ahr god oversikt over kor det er bra. Neste veke skal me overføre dei til ein irsk driven heim. Spennande og lærerikt å vere saman med kvalifiserte nepalidamer som gjer ein god jobb.
Når me ute å går tur er treff på mange flotte folk. Dette ansiktet vitnar om levd liv. Ho er fornøgd med å sope rundt eit tempel og halde det fritt for rusk og rask. Ellers er det mykje søppel i gatene. Det er ein av dei tinga som er fortvilande syns eg. I periodar går det bedre, søppel blir henta og fjerna. men plutseleg stoppar det opp. Systemet er sårbart og det er tilfeldig kor det er rydda.
Fortsatt har me berre straum tre timar til dagen og gass til koking er enno ikkje å få tak i. Me håpar at det ordnar seg denne veka, då det blir tomt om nokre dagar her i huset. No reiser me, men me låner bort huset i påska, og gass er me avhengig av til koking.
Dette var litt frå her. Har kjent på å lengte heim i det siste. Ein av grunnane er ungdomane sjølvsagt. Marte som er gravid, Talleiv som har fått seg så flott dame og Jørund som er i Stavanger...men no møter me dei i påska og det blir fint. Etter påske skal eg ta fem veker studie i Stavanger, noko eg gledar meg til. Det blir litt kjedeleg å vere fem veker vekke frå husbonden...studie vil bli spennande. "Utviklingsstudie og diakoni", ti studiepoeng. Dette vil eg ha nytte av i jobben som eg skal ha frå august, Landkoordinator for Himal Partner. Utfordrande og spennande, meir om det sidan...
Det er moro å gå på grønsakmarkedet her...
slik lagrar dei maisen gjennom vinteren
mange butikkar er ikkje større enn dette, men etterkvart har det dukka opp store kjøpesenter, som er like som heime...kontrastane er store, det er vel det som gjer kvardagen artig og spennande.
Apropo konfirmasjon...eg fekk med ,eg ein sermoni, liknande som konfirmasjon heime. Det som er annleis er at gavene som damene her skal gi er til presten...
Det var to konfirmantar, dei måtte gjennom ulike ritualer saman med prestane for å bli erklert voksne. Det var ca 200 gjester i selskapet og det varte frå 10 om morgonen til 10 om kvelden. Det var mykje mat, sang og dans...
...og småjentene var og kledd i fine kjolar...
takk for meg for no....