onsdag 5. oktober 2016


TUR I FELT
PROSJEKTEVALUERING


Det er blitt oktober, enno er ikkje regntida over, så rismarkene står grøne. Vanlegvis begynner dei å bli gylne på denne tida, så innhaustinga blir seinare i år. Terassane med ris står rake og vakre og heile landsbygda er bygd opp av slike.

Saman med ein av våre partnarar blei eg invitera med på felttur. Prosjektet me har, som er "Child Friendly Learning" for barn mellom 3 og 5 år, skulle evaluerast. Me reiste vestover i fleire timar, før me kom til distriktet Dhading, der vårt prosjekt er. Skulestruktur og skulesystemet er heilt annleis enn heime, og eg har mykje å lære, og muleg lære bort noko. Disiplin er ein stor del av strukturen, på godt og vondt.

Saman med ein ekstern evaluator gjekk me gjennom rutinar, såg på samspel med barna, hadde møter med distriktskontor, utdanningskontor, helsearbeidarar og andre samarbeidspartar. Systemet her er heriarkisk, Dvs at det er mange som sit på fine kontor og bestemmer over kvarandre. Mykje maktmisbruk blir ein og vitne til på ei slik evalueringsrunde. Denne landsbyen er fattig, det kunne me sjå pga at ungane hadde skitne uniformer og det var dårleg stelt med nistemat. Likevel var det ein stor iver og glød for vårt prosjekt. Me får håpe at det kan få ringverknader og spreie seg til andre deler av lokal samfunnet. Ungane skal i fyrste omgang lære gjennom leik og ha fysisk, psykisk og sosial trening. Tradisjonelt i Nepali skulen er det lesing og skriving som blir prioritert.

For å kome til denne landsbyen måtte me pløye oss fram. Pga regntida er vegane øydelagde. Me hadde ein helt som handtera dette på ein super måte, sjølv om eg fekk vondt i magen eit par gonger...me satte oss fast fleire gonger, då var det ut å spa, grave, fylle med tre og lauv, stein og jordmasse. Sjåføren jobba hardt og lenge for å få oss fram. Me kjørde tre timar på slik veg
Me satte oss skikkeleg fast i kveldinga, då tok eg sekken på ryggen å begynte å gå. Heldigvis slo to andre fylgje og me gjekk i halvanna time før me kom fram i bekmørke til gjestehuset. Bilen kom etterkvart, det hadde vore eit slit å få den på hjul.

Det er mange som går langs vegane og me fekk hjelp av sterke dyktige karar.

Ein må vengje seg til litt av kvart på slike turar. Småkryp( som er store) harde senger( eg låg på huntonittplate med laken på) annleis mat enn det ein er vant med ( spesielt frukosten med ris og grønsaker) og så må ein tåle og føle seg heilt utenfor, sidan alle snakkar nepali heile tida...
Eit vanleg syn ein møter, gamle damer som ber tungt...
Oppvasken blir gjort i vegkanten, rennande vatn og litt såpe. Bestemor hjelper til på gjestehuset
Ein frukost me hadde på vegen, var nysteikte sel roti, det er store smultringar. Me kunne og få tørka sild, egg og ris. Nepali te er alltid godt, så det berga måltidet.
Det er fredeleg og godt på bygda. Ingen støy som i byn, og ingen forurensing, men i dette distriktet blei dei hardt råka av jordskjelvet, så nokre av husa bar preg av dette.
Me måtte vidare. På vegen møtte me store lastebilar som var full lasta av kvinner og barn, nudlar og øl, ris og geiter. Dei satte seg fast, men kom seg vidare. Dette er kvardagen deira og dei er vant med det.

Så møter ein på gjetarar, unge jenter som ber tunge bører og geit og kyr.
I prosjektet har det vore opplæring på mødre, som er facilitatorar på skulen for 3-5 åringane. Dei går gjennom eit 18 dagars program, der dei lærer om "child friendly Learning", litt helsefag og hygiene. Det var fornøyeleg å høyre kor ivrige dei var, når dei fortalde om jobben sin. Dei blir fulgt opp jamleg av ein resurs person, som reiser rundt til skulane.

Så besøkte me ein lærar som budde i shelter. Huset blei totalskada i jordskjelvet, men han var nøgd med det han no hadde satt opp. Han budde saman med kona, ungane var i utlandet for studie eller arbeid.
Dette var gjengen eg reiste med. Sjåføren i raud skjorte, evaluatoren i kvit skjorte og to unge hjelparar.

Nepal er eit vakkert land, men kontrastane er store og avstandane til dit folk bur er store.
Kjenner at det har vore ein månad med mykje arbeid, så no blir det godt å kome heim til Hauggrend, møte nærmaste familie og hente litt krefter til nye månader i Kathmandu. God haustferie til dei som skal ha det...



tirsdag 13. september 2016

Det er slik me gjerne vil ha det kvar dag...det har heller vore ein tung, grå og regnfull månad i september. Dei seier at det har regna meir enn vanleg. Vegar har rasa, jordskred har teke landsbyar, slik at folk har evakuert. I Kathmandu kan ein ikkje klage, det har berre vore bekkar i vegane, og ein har heldt seg meir i ro.

Ein laurdag fekk me oss likevel ein topptur. Phulchoki 2775m er den høgaste toppen i Kathmandudalen. Det var ein krevande tur, då det er rimeleg bratt og me gjekk på i tre timar før me kom til toppen. Me brukte to timar ned att og då kjente me det godt i knær og hofter. Ja det var faktisk verre neste dag og fyrst dagen etter det var me tilbake til normalen...

Ein laurdag var me på bysykkeltur. Ein kjem tett på folk når ein syklar og me stoppa i Patan, gamlebyn. Der er skader etter jordskjelvet, men har starta gjennoppbyggjinga der.

Det nærmar seg festivaltid og då er det mange damer som tjener litt ekstra ved å binde blomekransar.

Det er utruleg fargerikt og vakkert.

Det er mange motiv heile vegen. Ein blir alltid overraska over børene som damene tek her. Du møter dei over alt. Ein må lure på kor mennene er ???

Det er utruleg mange varer til salgs over alt. Butikkane er overfylte. No har prisane på varer auka, så ein lurer på korleis den vanlege mann på gata klarar seg...

Når ein går i gatene treff ein heile tida på jenter som vil selgje smykker. Får dei selt noko tru?

Midtgarden observerer...

Jammen var det ei eldre dame der og...

Når det gjeld ferskvare samfunnet, er det vanskeleg å henge med. Me kjøper frossent kjøtt, men skjønar at hvis du ikkje har fryseboks må du handle på gata.

Så er det morgontur. Det er godt å starte dagen tidleg, sjølv om det i øyeblikket kan vere tungt å stå opp klokka 6. Då gjel hanane, bikkjene bjeffar, bussane tutar, folk er vakne rett og slett. Turen går forbi landsbyar, rismarker, og me ser når folk vaknar til ein ny kvardag, det er ein god måte å starte dagen på. Det er den aktiviteten me rekk dageleg i veka. Dagane er lange på jobb og det er kvelden når me har ete middag og teke ein kopp kaffi. Det er i helgane me kan utforske litt meir...

Nabolandsbyen vår, Khokana, ser fin ut på avstand, men den blei ekstremt øydelagt i jordskjelvet. Litt er dei begynt med gjenoppbyggjing, men det er stort sett gamle og barn som bur der...trist

Så er det festivaltid. Kvinnedagen blir feira i tre dagar og tusenvis av damer står i kø framfor viktige tempel den dagen. Dei ber for mennene sine og håpar på eit godt liv. Før var tradisjonen at kona blei brent på bål saman med mannen hvis han døde fyrst. I 1920 blei det slutt på denne forferdelege tradisjonen og TEEJ blei ny tradisjon.

Dei er utruleg vakre den dagen i raude sari, kanskje den sarien dei blei gifte i. Nokre kjøper nye og det blir sagt at no er det show off den dagen. Om å gjere å vise seg i det finaste ein får tak i. Jenter som ikkje er gifte, ber denne dgen om å bli gift, dei kan ikkje gå i rødt...

Vår didi stod i kø heile dagen ved denne plassen. Ho fasta eit døgn før og var nok veldig sliten. Mandagen såg det ut som det var dagen derpå for ho.

Hausten er og innhausting. No er det mais som kjem fyrst, og det er stor aktivitet. Bestemødre tanter og mødre driv på for fullt. Dei sit overalt. I garasjar, på fortau, i skråningane og renskar mais. Så heng dei den til tørk.

Igjen møter me på damer som ber tunge bører...dyra skal ha for

Heldigvis innimellom er det mykje vakkert å sjå på. Dei er flinke med blomar og spesielt lagar dei fine dekorasjonar i store fat. Dette er på Gokharna, eit spa hotell like utenfor byn. Eg og Bendik måtte ha eit kjæreste døgn der for å hente oss inn litt. Kvardagen er hektisk og det har vore mykje jobb denne månaden. Når ein i tillegg har litt vondter og må medisinere seg for å klare kvardagen, er det godt å hoppe av litt.


Utenfor rommet, utenfor spisesalen, utenfor inngangen...over alt er det fine blomsterfat.

Kveldane har me tilbragt i heimen stort sett. Då er det usigeleg moro å ha ein knøtt å strikke til. Hin dagen blei eg ferdig med hentesett til Talleiv og Kristiane, det er utruleg kjekt handarbeid i mørke kveldar. Så lengtar me litt til Sara Loti, men i oktober reiser me heim ei veke for å kose oss med ho og familien, det blir stas. Då får me og kanskje ta litt del i innhausting heime. God haust til alle som fylgjer...


onsdag 17. august 2016




DA ER DET PÅ'AN IGJEN.

Me skriv 17 august og me er godt i gang med kvardagen i Kathmandu att. Det har vore ein lang og god sommar med påfyll av familie, venner, turar, sommarstevne, bør og sopp-plukking, sommarmat og gode opplevingar. Sist men ikkje minst, så blei me besteforeldre siste veka me var heime. Det kunne eg sjølvsagt ha skrive om i ein heil blogg, men velger å berre understreke at det er noko av det flottaste me har opplevd. Daglege snap og chat frå Grefsenvegen gjer at det kjennes greit å vere her, sjølv om lengten er der.


 Hausten er ei utruleg tid der ein kan hauste rikt frå naturen, i år ser det ut til at det er rikeleg.
Hagebæra bugnar og me fekk plukke mange kg til nydeleg syltetøy

Så må me altså forlate Sara Loti og foreldrene, men vil sjå dei att i oktober...

Det er monsoon i Nepal no og det er relativt store mengder med regn som kjem ned dagleg. Stort sett regnar det på nettene, men det kjem og byger på dagtid som lagar elvar i vegane. Mange stadar i landet har bruer og vegar rasa vekk, landsbyar har mista hus og folk, og det ser ut til at monsoonen i år er kraftigare enn i fjor. Luftfuktigheten er stor og det kan bli opp til 35 grader på dagen. Dette lever me godt med, men nokre konsekvensar er det; mindre søvn, lavare aktivitetsnivå, maur invasjon inne og ute, froskebesøk på kjøkkenet, vanskelegare å tørke klede, skitne sko, søylete vegar, ja det er berre slik det er.
Lite og ingenting har endre seg i trafikken...stor kontrast til landevegen i Hauggrend.

Det skjer stor utvikling i forhold til shopping. Mange kjøpesenter poppar opp, moderne butikkar, cafear og restaurantar, men fortsatt møter du selgaren i gatene.



På morgonturen vår, møter me folkelivet. Akkurat no er det sesong for ugrasplukking i risåkrane, og det blir gjort med godt humør. Fargerikt fellesskap i åkeren på morgonen ser ut til å vere ein fin start på dagen. Me går tur mellom 6 og 6.30 og då har folk vore oppe ein time. Morgonstellet blir gjort på trammen ut mot gata, og me får med oss hårkjemming, tannpuss, kropsvask, klesvask, fyrste sigaetten, fyrste tekoppen, gudedyrking, tempelaktivitetar, bjelleringing, salg av mjelk og grønsaker. Det er mange andre som og er ute og trimmar; gamle, unge, sørgjande menn i kvite kjortlar, fnisande tenåringsjenter, spreke joggande, slentrande ektepar, grupper av unge fremadstormande menn, husmødre, små ungar, ja heile samfunnet kokar og lever. Dette er ein god start på dagen før ein lang frukost. 





Det er utruleg grønt og frodig no. Liljene blømer, risen står grøn fast og fin, og maisen er blitt høg, stor og snart klar for innhausting


I nabolaget har me ein landsby som heiter Kokhana, der var det store skader etter jordskjelvet. Ein tur i gatene der, viser at dei tørkar chili no, det heng i lange rekker utenfor dei fleste heimane.


Skadene var store og det er lite som er gjort etterpå. Nokre stadar ser me at nokon tek tak, men livet er prega av apati, innbyggjarabe sit på trappa og ventar...landsbyen er prega av at det er flest eldre som bur der.


 Det er nydeleg å gå tur i nabolaget. Terasse landsskapet ser du overalt og det er nydeleg natur. På dette bilete kan ein sjå shelter, som blei bygd i fjor. Her lever og bur mange familiar side om side i blekkskur.
Ja, så var det tid å begynne å jobbe. Det kjennes greit ut å etablere heimekontor. Bendik og Himal Power Limited var behjelpeleg med pult og hyller, så no er det orden i sakene. Eg har allerede vore i kontakt med fleire av partnarane våre, fint å møte dei att. Det skal bli ein spennande travel haust og eg ser fram til dette. Allerede neste veke kjem Norad på besøk, då blir det gjennomgang av prosjekter og nye utfordringar dukkar opp...I neste blogg vil eg fortelje litt om dei ulike prosjekta som eg skal fylgje opp og litt om arbeidsdagen min

Det er triveleg å ha fylgje på bloggen, berre ta kontakt om det er noko dåke vil kommentere...Ha ei god veke heime i det nydelege haustværet.






Ingen kommentarer: