mandag 5. desember 2016


HALLO SIDAN SIST

Tida går så veldig fort, og sist eg skreiv blogg var før haustferien i oktober. Me hadde ein magisk haustferie, der me berre var saman med familien og kosa oss i Hauggrend og i Oslo. Det gjorde godt å kome heim ein tur, kose med barnebarn, hauste epler, vere med på partering av elg, vere ute i det fine haustværet med nydelege fargar på trea...

Sara Loti er ei herleg jente, blid og god og det er sjølvsagt ikkje heilt godt å bu så lang vekk... Me må berre nyte dagane me har saman og så skypar me så ofte me kan. Sara Loti blir vant med mobil og pc i tidleg alder...

Eit av høgdepunkta i ferien var då Kristiane kom heim med sjølvskutt tiur!!!! Me var sååå stolte. Høg gravid og sprek, det var berre moro!!!

Umiddelbart etter gode dagar i Norge, fekk me storslagent besøk frå Fyresdal. Dette hadde me gleda oss til i lange tider, ja dette var planlagt i mange år i forkant...Siv, som fyller 50 dette året, ville feire og markere dette saman med oss i Nepal. Etter at jetlagen hadde lagt seg, bar det ut på biltur austover i landet. Me reiste til Ilam.

Eva og Olav Kjetil var i same fylgje og me hadde nokre utrulege dagar saman. Været viste seg frå si beste side og Himalaya var framme kvar dag.

Heldigvis slepp me slik transport, men det er den mest vanlege måten å ta seg fram på...

Bendik finn seg alltid ei dame å kommunisere med. Her var det ei hardtarbeidande nepali dame som hadde funne fòr til dyra.

Langs vegen er det mange av dei damene. Det er heilt utruleg kva dei ber på, må vere tungt og slitsamt. Me høyrer dei ler og pratar, så eit fellesskap har dei, men me hadde nok ikkje klara dette...

Fyrste stopp på vegen var Kimthi, kraftverket som HimalPower/ Statkraft driv. Odd Hoftun er oppkalla her og det er litt moro, han har satt sine spor i Nepal.

Me rusla rundt i nabolaget, og då treff me alltid mykje hyggelege folk. Her var det ei jente som hausta Sharon frukt.

Per Helge får alltid god kontakt med dyr, kor han er. Det kan vere geiter, oksar, høner og bikkjer.

Etter ein heil dag i bil, kom me fram til te-plantasjen til vår venn Dip Lama. Her var eit nydeleg landsskap. Han har bygd seg ei hytte i ein skråning med utsikt utover lange dalsider. Han har og starta med kaffi plantasje, jordbruk og dyrehald.

Ivrige damer hauster te. Dei leverer på ein fabrikk og får betalt pr kg. Det er eit utruleg krevande handarbeid og interessant å sjå korleis te blir plukka og produsert for eksport.

Me var og innom ein ostefabrikk. Siv er eksperten her og ho kunne gi gode råd til Dip, som og vil starte med osteproduksjon.

Landskapet her er heilt annleis enn ellers i Nepal, berre vakkert!! Det var teplantasjar over alt og dette var like ved grensa mot Darjiling/ India

Me syns det er godt å kome utav Kathmandu, nyte frisk luft, stillhet og avslapning frå ein ellers travel kvardag i hovudstaden

Me hadde kun tre dagar til denne utflukten, og me tok fly tilbake til Kathmandu. Så snudde me i døra heime og reiste vestover, til Dhading. Der har me ein kamerat som og driv med kaffi produksjon. Han har ein nydeleg resort på ein høgde, der me har god utsikt over fjella.

Der er det fuglesang og bekkesus, og me får vere med å brenne våre eigne kaffibønner til kaffikoppen. Kaffi som er dyrka på 1500 moh er smakfull og kvaliteten er på topp.

Her opplever me både solnedgang og soloppgang over heile Himalaya rekka. Godt å vere saman med venner og dele slike fantastiske øyeblik.

Me blir vekte tidleg for å få med oss soloppgangen. Det blir servert nytrekt kaffi og det blir mange fine motiv. Her hadde me med oss Eger ( frå Fyresdal)og Iselin, som var på bryllupsreis i Asia. Det var triveleg å ha dei på besøk nokre dagar og. TAKK FOR TUREN TIL HEILE GJENGEN

Tilbake til kvardagen i Kathmandu. Det blei 14 dagar med arbeid og jobb besøk frå Norge både for Bendik og min sin del. Me reiste på prosjekt evaluerings tur sydvest i Nepal. Det var interessant å sjå korleis Mental Helse prosjektet vårt er blitt ein integrert del på helsepostane. Folk som er mentalt sjuke er ei stigmatisert gruppe i Nepal, som det var i Norge for nokre år tilbake. Me fekk oppleve å sjå at det hjelper å gje kunskap og opplæring til helsefagarbeidarar. Effekten for folk i landsbyane var store. Sjuke fekk behandling og hjelp og dei som vart sett på som "galne" før, har fått verdige liv

.Me fekk og vitjing av familie frå Amerika i november. Ein dag var me på landsbybesøk. Kvinnene var opptekne med rishausten, og karane spela kort...


Nokre karar var og med i rismarkene, og det var nok godt med ein pause i solsteiken.

Risen blir tørka på taket av husa og så blir risen skilt frå aksa. Risen må ligge enno nokre dagar til tørk før den blir levert på mølla.

I Nepal er det utruleg mange bra skilt!!!

På denne årstida er det mykje som skal haustast inn. Løk og chili blir tørka i sola før vinteren, kvinnene har mykje å gjere...
Innimellom dei vanlege arbeidsdagane er det fint å få med seg folkelivet. Her er folk overalt og det skjer noko heile tida. Me er slik laga at me treng kvile frå dette og då er det godt å kunne trekkje seg tilbake til heimen. Rundt huset har me julestjerner som pyntar opp. Det er litt julestemning, sjølv om plenen er grøn og det er varme på dagtid. No er kveldane kjølige og me tenner i gassovnane våre. Heldigvis er det ikkje mangel på gass og straum denne vinteren, så me har det så bra me kan ha det. Denne veka er det to lys i adventsstaken, og me tel ned til dagen me skal reise til Norge att.

17 november, blei me velsigna med eit til barnebarn. Det blir nydeleg å kome heim nokre dagar til denne flotte familien. Talleiv og Kristiane er stolte foreldre til Lyzander, og me får nokre dagar saman med dei, før me reiser til Etiopia for å feire jol og nyttår med Marte, Tore, Sara Loti og Jørund.
Med dette vil eg ynskje ei fredfull jolehøgtid og eit nytt godt år.