mandag 26. oktober 2015
TREKKING
Eg lurte veldig på om me kom oss på trekking, og det gjorde me!!! Det ligg mykje i omgrepet trekking og eg skal prøve å skildre litt sidan eg ikkje får til å legge ved bilete, det får kome i neste omgang. Det startar med ei omfattande pakking heime. Du treng godt ulltøy, vindtett, sovepose, lue, skjerf og ekstra gode sko. Lommelykt, kortstokk, nødproviant, dorull, antibac, kart, regntøy, badetøy, turhandkle, dunjakke og vannflaske... Me går sjølve med ein dagstursekk med eit skift, varm jakke, drikke og litt proviant, ellers har me bærarar som tek begasjen. Me pakkar i vanntette kajakk posar som og kan pressast luft utav, slik at det blir kompakt pakka. Turen vår begynte med to dagar i Pokhara, som er ein by fire-fem timar kjøre-tur vest for Kathmandu. Det er opplading til trekking. Det vrimlar av andre fjellfolk der, mange trivelege restaurantar og barar, promenade langs innsjøen der det er eit yrande liv av båtar, folk og fe, nokre restaurantar har store hagar med hengekøyer og solstolar nede ved vatnet, i gatene er det tett med butikkar for kjøpelystne utlendingar (bidhesi), og det er ein avslappa stemning i heile byn. Slaraffen liv og avkobling. Me budde denne gongen på ein liten resort med basseng i hagen og ein terasse utenfor rommet, der me kunne site å sjå på fjella, magiske Himalaya. Familien Kippenes, som me skulle gå på trekking med, kom mandag og me starta turen tysdag. Klokka 8 kom guiden vår og dei tre bærarane me skulle ha og så var det ein biltur på 1 og ein halv time før me la av garde til fjels. Lufta er klar, himmelen er blå og sola skin. Du finn ditt eget tempo og så er det å gå..., gjennom små landsbyar, opp tusenvis av trapper, gjennom risåkrar, langs bekkar og elvar, over bruer, ned fjellskråningar, gjennom jungel og det er berre ein fantastisk natur her. Fyrste dagen gjekk me inn ein dal og så opp 3500 trapper til fyrste overnatting. Gjestehusa er enkle, men innbydande. Me får servert ginger tea with honey and fresh lemon og får utdela kvar sine enkle gjesterom. Det er varm dusj på alle lodgar og det var faktisk straum på stadane me budde.( har med kubbelys og lommelykt)På kveldane er det kortspel og lesing og guiden vår passar på at me får bestilt middag. Det er mange som skal ha mat på same tid, og det er stor stemning i oppholdsrommet på kvelden. Turistar frå alle nasjonar og dei som bur og jobbar på staden er utruleg blide og service instilte. Menyen er variabel, du kan velge mellom dhalbhat( nasjonalretten) eller chicken curry With rice, potatoes, spaghetti, pizza og supper i mange fasongar. Det er god mat og det er stemning å besøkje kjøkkenet der dei fyrar med ved og klarar å lage mat til mange samtidig. Me vaknar stort sett klokka 06 og då er det fult liv. Frukost består i havregraut, nysteikt brød, omelett og te/kaffi. Det var klarvær kvar morgon og fjella er nærme, sola står opp kl 06 og det er berre herlege stille morgonstunder. Nokre kveldar hadde me ei lita regnbyge før det klarna oppatt og me såg dei skarpe klare fjellkonturane i solnedgangen. Naturen er vakker her, risterassar i bratte skråningar og stiane går rett opp og rett ned, eigentleg ein påkjenning for kne og hofter, men det er rart med det...med stavar og jamlege pausar klarar me å klatre oss gjennom dagen. Andre morgonen stod me opp kl 05, gjekk i 45 min opp til PoonHill for å sjå på soloppgangen og for å få høgdetrening( 3200moh)det er berre mektig og ein må-ha-oppleving. Årets julebilete blir nok frå PoonHill...Midt på dagen kjem ein fram til koselege gjestehus som serverar garlic Soup og nysteikt tibetaner brød, det gjer godt. På vegen møter me kvardagen til fjellfolket. Dei gjeter dyra( geiter, sauer, kyr, høns, vannbøflar og muldyr)er i åkeren, dyrkar mais og grønsaker,. dei slaktar, tørkar skinn, fyller tarmar og parterer kjøt, dei tørkar bønner og løk i sola, flettar korger, lagar og spikkar eigne redskapar og vever tøy. Nokre sit berre i sola og røar med kvarandre, ungane leikar på berghyllene og andre bærer tunge bører på ryggen opp alle trapper. Akkurat no er risen moden og me kunne sjå at innhaustinga byrjar. Det var og festivaltid no og familie og venner sat mykje samla i tunet rundt store matgryter. I kvar landsby var det og satt opp husker for borna( ping) dei er laga av bambus og er utruleg flotte. Ungane fryda seg i huskene, ofte stod dei heilt ut¨på kanten av ei berghylle...rimeleg bratt utforbi...slik gjekk no dagane. Fjerde dag kom me til Tatopani( varme kjelder)det var vel ca 40 grader i vatnet og me hadde ein time der me kunne mykje opp musklar og knutar i rygg og lår. Siste dagen gjekk stort sett i fjellsida med utsikt over rismarker og fjella la me bak oss. Mari 14 år, Elise 11 år og Julia 9 år, var spreke jenter og herlege å gå saman med. Julia fekk litt høgdesjuke og blei litt forkjøla, men stod turen ut og var kjempe flink. Anne og Geir (mamma og pappa) er berre knall turvenner, så dette blir nok ikkje den einaste turen me tek saman. Vel tilbake i Pokhara kunne me innlosjere oss på eit triveleg gjestehus, ha kvelden på Moondance med god mat og avslutte trekkingen med oppsummering på takterassen utover i dei små timar...trekking kan anbefalast, meld frå så blir eg med...
torsdag 8. oktober 2015
Nepal i ny krise
Som om ikkje folk i Nepal har lidd nok...den eine krisa avløyser den andre. Veit ikkje kor mykje som står i avisene heime, men eg kan prøve å gi eit lite innblikk. Grunnloven kom på plass for ein månad sidan og folk begynte å sjå framover og gleda seg over starten på ei ny tid. Ser ut som det enno er litt fram i tid. Den nye grunnloven utløyste nye konfliktar med folk syd vest i landet. Det er komplisert å forstå, det har bl.a med etnisitet å gjere. Politikarane tek for lite omsyn til marginaliserte grupper og mange føler seg overkjørt. det bar vore store opptøyer og samfunnet stoppa opp. India har involvert seg med bl.a å stenge grensa til Nepal. Dette får stoooore konsekvensar. Dagleg blir Nepal forsynt med varer frå India, når grensa er stengt fører dette til mat og vare mangel. Det fyrste som blei problemet er mangel på drivstoff, som igjen skapar store problem for all transport. Gass til bruk i matlaging begynner å bli tomt, private begynner å slite med å lage mat, hotell og restaurantar stenger, sykehus og klinikker slit ifh til medisin og utstyrmangel, ambulansene stoppar, buss og taxi trafikk stoppar, borna må bli heime frå skulen, og prisane på varer og tjenester stig. Dei fattige blir fattigere og td har prisen på ris blitt dobbel så høg. Det er vondt å sjå og oppleve at dei som har det vanskeleg frå før no får det verre. Dei har ikkje kome over jordskjelv katastrofen enno og så kjem dette i tillegg. Politikarane sit i møter og har " talks" står det i avisene, men det skjer ingenting. No har dette pågått i fleire veker og den store dashai festivalen står for døra. Det er høgdepunktet i året for alle, dei reiser heim til landsbyene og møter slekt og venner, som jul og nyttår for oss. No ser det ikkje ut til at folk kan reise nokon plass, stod i avisa i dag at det var eigentleg 1.5 millionar som ville ut av Kathmandu neste veke. Bussene står...dei pleier og å slakte geiter til festivalen, 45 000 geiter trengs berre i Kathmandu, ser ut som transport av geiter inn hit blir vanskeleg. Mange seier no at det kan ikkje bli feiring i år...turist sesongen er igang og folk hadde håpa på business, men ikkje lett Når situasjonen er slik...alle håpar på snarlig løysing, men nokon spår ein lang tung haust...KE GARNE...what to do...folk er motlause og det kan me skjøne, me ber og håpar...
Ellers er heile Himalaya framme om dagen. Det er eit utsyn som er magisk, utruleg vakkert og fasinerande. Det er klar luft, pga av lite trafikk er det mindre forurensning, og været er stabilt fint. Me syklar mykje no, då bilen helst bør stå i solidaritet med dei som ikkje har drivstoff. Det er godt å kome rundt på det viset, og formen blir jo så god....me er spente på om me kjem oss på trekking i oktober, hadde håpa på nokre dagar i fjellet, men situasjonen må endre seg fyrst... Neste blogg handler enten om trekking i fjellet eller haustferie i Katmandu dalen...
Abonner på:
Innlegg (Atom)