onsdag 17. august 2016




DA ER DET PÅ'AN IGJEN.

Me skriv 17 august og me er godt i gang med kvardagen i Kathmandu att. Det har vore ein lang og god sommar med påfyll av familie, venner, turar, sommarstevne, bør og sopp-plukking, sommarmat og gode opplevingar. Sist men ikkje minst, så blei me besteforeldre siste veka me var heime. Det kunne eg sjølvsagt ha skrive om i ein heil blogg, men velger å berre understreke at det er noko av det flottaste me har opplevd. Daglege snap og chat frå Grefsenvegen gjer at det kjennes greit å vere her, sjølv om lengten er der.


 Hausten er ei utruleg tid der ein kan hauste rikt frå naturen, i år ser det ut til at det er rikeleg.
Hagebæra bugnar og me fekk plukke mange kg til nydeleg syltetøy

Så må me altså forlate Sara Loti og foreldrene, men vil sjå dei att i oktober...

Det er monsoon i Nepal no og det er relativt store mengder med regn som kjem ned dagleg. Stort sett regnar det på nettene, men det kjem og byger på dagtid som lagar elvar i vegane. Mange stadar i landet har bruer og vegar rasa vekk, landsbyar har mista hus og folk, og det ser ut til at monsoonen i år er kraftigare enn i fjor. Luftfuktigheten er stor og det kan bli opp til 35 grader på dagen. Dette lever me godt med, men nokre konsekvensar er det; mindre søvn, lavare aktivitetsnivå, maur invasjon inne og ute, froskebesøk på kjøkkenet, vanskelegare å tørke klede, skitne sko, søylete vegar, ja det er berre slik det er.
Lite og ingenting har endre seg i trafikken...stor kontrast til landevegen i Hauggrend.

Det skjer stor utvikling i forhold til shopping. Mange kjøpesenter poppar opp, moderne butikkar, cafear og restaurantar, men fortsatt møter du selgaren i gatene.



På morgonturen vår, møter me folkelivet. Akkurat no er det sesong for ugrasplukking i risåkrane, og det blir gjort med godt humør. Fargerikt fellesskap i åkeren på morgonen ser ut til å vere ein fin start på dagen. Me går tur mellom 6 og 6.30 og då har folk vore oppe ein time. Morgonstellet blir gjort på trammen ut mot gata, og me får med oss hårkjemming, tannpuss, kropsvask, klesvask, fyrste sigaetten, fyrste tekoppen, gudedyrking, tempelaktivitetar, bjelleringing, salg av mjelk og grønsaker. Det er mange andre som og er ute og trimmar; gamle, unge, sørgjande menn i kvite kjortlar, fnisande tenåringsjenter, spreke joggande, slentrande ektepar, grupper av unge fremadstormande menn, husmødre, små ungar, ja heile samfunnet kokar og lever. Dette er ein god start på dagen før ein lang frukost. 





Det er utruleg grønt og frodig no. Liljene blømer, risen står grøn fast og fin, og maisen er blitt høg, stor og snart klar for innhausting


I nabolaget har me ein landsby som heiter Kokhana, der var det store skader etter jordskjelvet. Ein tur i gatene der, viser at dei tørkar chili no, det heng i lange rekker utenfor dei fleste heimane.


Skadene var store og det er lite som er gjort etterpå. Nokre stadar ser me at nokon tek tak, men livet er prega av apati, innbyggjarabe sit på trappa og ventar...landsbyen er prega av at det er flest eldre som bur der.


 Det er nydeleg å gå tur i nabolaget. Terasse landsskapet ser du overalt og det er nydeleg natur. På dette bilete kan ein sjå shelter, som blei bygd i fjor. Her lever og bur mange familiar side om side i blekkskur.
Ja, så var det tid å begynne å jobbe. Det kjennes greit ut å etablere heimekontor. Bendik og Himal Power Limited var behjelpeleg med pult og hyller, så no er det orden i sakene. Eg har allerede vore i kontakt med fleire av partnarane våre, fint å møte dei att. Det skal bli ein spennande travel haust og eg ser fram til dette. Allerede neste veke kjem Norad på besøk, då blir det gjennomgang av prosjekter og nye utfordringar dukkar opp...I neste blogg vil eg fortelje litt om dei ulike prosjekta som eg skal fylgje opp og litt om arbeidsdagen min

Det er triveleg å ha fylgje på bloggen, berre ta kontakt om det er noko dåke vil kommentere...Ha ei god veke heime i det nydelege haustværet.






Ingen kommentarer: