tirsdag 13. september 2016

Det er slik me gjerne vil ha det kvar dag...det har heller vore ein tung, grå og regnfull månad i september. Dei seier at det har regna meir enn vanleg. Vegar har rasa, jordskred har teke landsbyar, slik at folk har evakuert. I Kathmandu kan ein ikkje klage, det har berre vore bekkar i vegane, og ein har heldt seg meir i ro.

Ein laurdag fekk me oss likevel ein topptur. Phulchoki 2775m er den høgaste toppen i Kathmandudalen. Det var ein krevande tur, då det er rimeleg bratt og me gjekk på i tre timar før me kom til toppen. Me brukte to timar ned att og då kjente me det godt i knær og hofter. Ja det var faktisk verre neste dag og fyrst dagen etter det var me tilbake til normalen...

Ein laurdag var me på bysykkeltur. Ein kjem tett på folk når ein syklar og me stoppa i Patan, gamlebyn. Der er skader etter jordskjelvet, men har starta gjennoppbyggjinga der.

Det nærmar seg festivaltid og då er det mange damer som tjener litt ekstra ved å binde blomekransar.

Det er utruleg fargerikt og vakkert.

Det er mange motiv heile vegen. Ein blir alltid overraska over børene som damene tek her. Du møter dei over alt. Ein må lure på kor mennene er ???

Det er utruleg mange varer til salgs over alt. Butikkane er overfylte. No har prisane på varer auka, så ein lurer på korleis den vanlege mann på gata klarar seg...

Når ein går i gatene treff ein heile tida på jenter som vil selgje smykker. Får dei selt noko tru?

Midtgarden observerer...

Jammen var det ei eldre dame der og...

Når det gjeld ferskvare samfunnet, er det vanskeleg å henge med. Me kjøper frossent kjøtt, men skjønar at hvis du ikkje har fryseboks må du handle på gata.

Så er det morgontur. Det er godt å starte dagen tidleg, sjølv om det i øyeblikket kan vere tungt å stå opp klokka 6. Då gjel hanane, bikkjene bjeffar, bussane tutar, folk er vakne rett og slett. Turen går forbi landsbyar, rismarker, og me ser når folk vaknar til ein ny kvardag, det er ein god måte å starte dagen på. Det er den aktiviteten me rekk dageleg i veka. Dagane er lange på jobb og det er kvelden når me har ete middag og teke ein kopp kaffi. Det er i helgane me kan utforske litt meir...

Nabolandsbyen vår, Khokana, ser fin ut på avstand, men den blei ekstremt øydelagt i jordskjelvet. Litt er dei begynt med gjenoppbyggjing, men det er stort sett gamle og barn som bur der...trist

Så er det festivaltid. Kvinnedagen blir feira i tre dagar og tusenvis av damer står i kø framfor viktige tempel den dagen. Dei ber for mennene sine og håpar på eit godt liv. Før var tradisjonen at kona blei brent på bål saman med mannen hvis han døde fyrst. I 1920 blei det slutt på denne forferdelege tradisjonen og TEEJ blei ny tradisjon.

Dei er utruleg vakre den dagen i raude sari, kanskje den sarien dei blei gifte i. Nokre kjøper nye og det blir sagt at no er det show off den dagen. Om å gjere å vise seg i det finaste ein får tak i. Jenter som ikkje er gifte, ber denne dgen om å bli gift, dei kan ikkje gå i rødt...

Vår didi stod i kø heile dagen ved denne plassen. Ho fasta eit døgn før og var nok veldig sliten. Mandagen såg det ut som det var dagen derpå for ho.

Hausten er og innhausting. No er det mais som kjem fyrst, og det er stor aktivitet. Bestemødre tanter og mødre driv på for fullt. Dei sit overalt. I garasjar, på fortau, i skråningane og renskar mais. Så heng dei den til tørk.

Igjen møter me på damer som ber tunge bører...dyra skal ha for

Heldigvis innimellom er det mykje vakkert å sjå på. Dei er flinke med blomar og spesielt lagar dei fine dekorasjonar i store fat. Dette er på Gokharna, eit spa hotell like utenfor byn. Eg og Bendik måtte ha eit kjæreste døgn der for å hente oss inn litt. Kvardagen er hektisk og det har vore mykje jobb denne månaden. Når ein i tillegg har litt vondter og må medisinere seg for å klare kvardagen, er det godt å hoppe av litt.


Utenfor rommet, utenfor spisesalen, utenfor inngangen...over alt er det fine blomsterfat.

Kveldane har me tilbragt i heimen stort sett. Då er det usigeleg moro å ha ein knøtt å strikke til. Hin dagen blei eg ferdig med hentesett til Talleiv og Kristiane, det er utruleg kjekt handarbeid i mørke kveldar. Så lengtar me litt til Sara Loti, men i oktober reiser me heim ei veke for å kose oss med ho og familien, det blir stas. Då får me og kanskje ta litt del i innhausting heime. God haust til alle som fylgjer...


onsdag 17. august 2016




DA ER DET PÅ'AN IGJEN.

Me skriv 17 august og me er godt i gang med kvardagen i Kathmandu att. Det har vore ein lang og god sommar med påfyll av familie, venner, turar, sommarstevne, bør og sopp-plukking, sommarmat og gode opplevingar. Sist men ikkje minst, så blei me besteforeldre siste veka me var heime. Det kunne eg sjølvsagt ha skrive om i ein heil blogg, men velger å berre understreke at det er noko av det flottaste me har opplevd. Daglege snap og chat frå Grefsenvegen gjer at det kjennes greit å vere her, sjølv om lengten er der.


 Hausten er ei utruleg tid der ein kan hauste rikt frå naturen, i år ser det ut til at det er rikeleg.
Hagebæra bugnar og me fekk plukke mange kg til nydeleg syltetøy

Så må me altså forlate Sara Loti og foreldrene, men vil sjå dei att i oktober...

Det er monsoon i Nepal no og det er relativt store mengder med regn som kjem ned dagleg. Stort sett regnar det på nettene, men det kjem og byger på dagtid som lagar elvar i vegane. Mange stadar i landet har bruer og vegar rasa vekk, landsbyar har mista hus og folk, og det ser ut til at monsoonen i år er kraftigare enn i fjor. Luftfuktigheten er stor og det kan bli opp til 35 grader på dagen. Dette lever me godt med, men nokre konsekvensar er det; mindre søvn, lavare aktivitetsnivå, maur invasjon inne og ute, froskebesøk på kjøkkenet, vanskelegare å tørke klede, skitne sko, søylete vegar, ja det er berre slik det er.
Lite og ingenting har endre seg i trafikken...stor kontrast til landevegen i Hauggrend.

Det skjer stor utvikling i forhold til shopping. Mange kjøpesenter poppar opp, moderne butikkar, cafear og restaurantar, men fortsatt møter du selgaren i gatene.



På morgonturen vår, møter me folkelivet. Akkurat no er det sesong for ugrasplukking i risåkrane, og det blir gjort med godt humør. Fargerikt fellesskap i åkeren på morgonen ser ut til å vere ein fin start på dagen. Me går tur mellom 6 og 6.30 og då har folk vore oppe ein time. Morgonstellet blir gjort på trammen ut mot gata, og me får med oss hårkjemming, tannpuss, kropsvask, klesvask, fyrste sigaetten, fyrste tekoppen, gudedyrking, tempelaktivitetar, bjelleringing, salg av mjelk og grønsaker. Det er mange andre som og er ute og trimmar; gamle, unge, sørgjande menn i kvite kjortlar, fnisande tenåringsjenter, spreke joggande, slentrande ektepar, grupper av unge fremadstormande menn, husmødre, små ungar, ja heile samfunnet kokar og lever. Dette er ein god start på dagen før ein lang frukost. 





Det er utruleg grønt og frodig no. Liljene blømer, risen står grøn fast og fin, og maisen er blitt høg, stor og snart klar for innhausting


I nabolaget har me ein landsby som heiter Kokhana, der var det store skader etter jordskjelvet. Ein tur i gatene der, viser at dei tørkar chili no, det heng i lange rekker utenfor dei fleste heimane.


Skadene var store og det er lite som er gjort etterpå. Nokre stadar ser me at nokon tek tak, men livet er prega av apati, innbyggjarabe sit på trappa og ventar...landsbyen er prega av at det er flest eldre som bur der.


 Det er nydeleg å gå tur i nabolaget. Terasse landsskapet ser du overalt og det er nydeleg natur. På dette bilete kan ein sjå shelter, som blei bygd i fjor. Her lever og bur mange familiar side om side i blekkskur.
Ja, så var det tid å begynne å jobbe. Det kjennes greit ut å etablere heimekontor. Bendik og Himal Power Limited var behjelpeleg med pult og hyller, så no er det orden i sakene. Eg har allerede vore i kontakt med fleire av partnarane våre, fint å møte dei att. Det skal bli ein spennande travel haust og eg ser fram til dette. Allerede neste veke kjem Norad på besøk, då blir det gjennomgang av prosjekter og nye utfordringar dukkar opp...I neste blogg vil eg fortelje litt om dei ulike prosjekta som eg skal fylgje opp og litt om arbeidsdagen min

Det er triveleg å ha fylgje på bloggen, berre ta kontakt om det er noko dåke vil kommentere...Ha ei god veke heime i det nydelege haustværet.






Ingen kommentarer:

torsdag 10. mars 2016

VÅRSTEMNING OG HEIMLENGT



I dag skriv me 11 mars og det er kun dagar til me reiser frå Kathmandu. 16 mars går turen til Spania for å møte storfamilien i konfirmasjon og femtiårsdag til broder Steinar, og så landar me i Norge langfredag. då er det hytte tur, påske ferie saman med alle ungdomane og dei nærmaste vennene på fjellet...men som Baloo seier i Jungelboka; " man må være der man er og ikke vere der man ikke er..." Ok då er det å halde seg her og vere til stades enno nokre dagar. det er forresten ikkje vanskeleg, fordi denne veka er me "foreldre for Julia og Mari". Foreldrene er på trekking og me kosar oss med å vere "bånjøl". Det er hektisk å vere foreldre til tenåringar blir me minna på. Det er henting og bringing til skule, kulturskule og aktivitetar på skulen, høgtlesing, øving på instrument, lekselesing, kortspel og film på kveldane...Mari og Julia som er femten og ni år, er supre jenter, så det går så bra att...

Plutseleg kom våren. varmen tek skikkeleg tak på dagtid. på kveldane er det kjøleg, men stilongsen er pakka vekk. Det blømer i hagen, Montbresiaen luktar sååå godt på terassen og me kan site ute og nyte utsikten og dei fine blomane. Det gjer godt etter ein knall hard vinter...
Det har faktisk vore dagar me utsikt til fjella denne månaden, men ellers er det frykteleg mykje forureining i Kathmanu. Begge to har vore styggeleg forkjøla og hosten har vart og vart...ikkje bra å puste inn dette, men me prøver å skifte luft i lungene i helgane. Me bur og eit hakk høgare enn sjølve byn, så me ber og håpar om at me ikkje får langvarig skade av å bu her...
Kaffiplantasjen til vår kamerat Barrath, er ein god stad å reise i helga når me kjenner me treng litt avkobling. Der har me planta oss kvar si kaffiplante og om nokre år kan me hauste vår eigen kaffi...Eg var der ein tur i haust, og før jul var Marte og Tore med dit, og me hadde ein fin tur dit i februar. Spennende å få kjennskap til korleis ein dyrkar og lagar kaffi, det er ein møysommeleg jobb og hardt arbied. Neste gong du drikk kaffi, kan du tenkje på at det er handarbeid og ein lang prosess før du har kaffi i koppen.
Me hadde oss og ei helg til Dulikhel, nabo by, der me besøkte et vennepar. Sundagen var me på dagsturtrekk til eit fint kloster oppå ein høgde, verdt eit besøk.

Kvardagen er rimeleg hektisk for Bendik. Han har lange dagar, men mestrar utfordrinagne som dukkar opp heile tida. Han fekk med seg ein vannkraft konferanse i Laos forrige veke, noko som inspirerar. Det blir lite tid i kvardagen til andre ting, men me rekk å vere litt sosiale, og me tek ein og anna bytur. Det er godt å site i sofaen , lese bok og høyre på musikk og. Godt at me trives i kvarandre sitt selskap. Me er spente på korleis hausten blir, då fleire av våre nærmaste venner reiser heim. SLik er det å bu  her, folk kjem og går, ein knyttar kontaktar og så blir det oppbrudd...

Eg begynner å få litt tak på språket og har vore i fleire samanhengar no der eg skjønar litt meir...kjenner eg ikkje sååå utenfor lengre. Har kjent på det mange gonger og det er ein erfaring det og. Eg har vore med på eit "barnehjemsoppdrag", der to gutar må plasserast i barneheim, då foreldrene har reist frå dei. Gutane er fem og tre år, hjerteskjærande å sjå, men vanskeleg for oss å vite heile historien. Landsbyen der dei har vokse opp, blei totalskada i jordskjelvet og mor stakk av med ein kar. Faren er ikkje i stand til å ta seg av dei og har hatt lite kontakt med gutane sine. Mange barneheimar her er big buissnes og prega av lite omsorg. Heldigvis kjenner eg ei som er psykolog som ahr god oversikt over kor det er bra. Neste veke skal me overføre dei til ein irsk driven heim. Spennande og lærerikt å vere saman med kvalifiserte nepalidamer som gjer ein god jobb.


Når me ute å går tur er treff på mange flotte folk. Dette ansiktet vitnar om levd liv. Ho er fornøgd med å sope rundt eit tempel og halde det fritt for rusk og rask. Ellers er det mykje søppel i gatene. Det er ein av dei tinga som er fortvilande syns eg. I periodar går det bedre, søppel blir henta og fjerna. men plutseleg stoppar det opp. Systemet er sårbart og det er tilfeldig kor det er rydda.

Fortsatt har me berre straum tre timar til dagen og gass til koking er enno ikkje å få tak i. Me håpar at det ordnar seg denne veka, då det blir tomt om nokre dagar her i huset. No reiser me, men me låner bort huset i påska, og gass er me avhengig av til koking.

Dette var litt frå her. Har kjent på å lengte heim i det siste. Ein av grunnane er ungdomane sjølvsagt. Marte som er gravid, Talleiv som har fått seg så flott dame og Jørund som er i Stavanger...men no møter me dei i påska og det blir fint. Etter påske skal eg ta fem veker studie i Stavanger, noko eg gledar meg til. Det blir litt kjedeleg å vere fem veker vekke frå husbonden...studie vil bli spennande. "Utviklingsstudie og diakoni", ti studiepoeng. Dette vil eg ha nytte av i jobben som eg skal ha frå august, Landkoordinator for Himal Partner. Utfordrande og spennande, meir om det sidan...

Det er moro å gå på grønsakmarkedet her...
slik lagrar dei maisen gjennom vinteren
mange butikkar er ikkje større enn dette, men etterkvart har det dukka opp store kjøpesenter, som er like som heime...kontrastane er store, det er vel det som gjer kvardagen artig og spennande.
Apropo konfirmasjon...eg fekk med ,eg ein sermoni, liknande som konfirmasjon heime. Det som er annleis er at gavene som damene her skal gi er til presten...
Det var to konfirmantar, dei måtte gjennom ulike ritualer saman med prestane for å bli erklert voksne. Det var ca 200 gjester i selskapet og det varte frå 10 om morgonen til 10 om kvelden. Det var mykje mat, sang og dans...
...og småjentene var og kledd i fine kjolar...


takk for meg for no....