Besøk av gode venner, full fres på jobb og så endeleg påskeferie.
VELKOMMEN TIL FJELL LANDET NEPAL, broder Torleiv, svigerinne Turid og tre vennepar, som tok turen i starten av mars. Medan me jobba, fekk dei seg ein fjelltur i magiske Himalaya.
Ein må ut av byn no for å få glimt av fjella, i Kathamndu er det grått og forureinsa. Dette er slitsomt, det kislar i halsen og ein får støv i augene og ein kjenner seg skitten etter ein rusletur i byn. Det er usunt å opphalde seg her i langda og me prøver å kome oss ut av Kathmandu i helgane.
Den blå himmelen ute på landsbygda er ein kontrast til tåka som ligg over byen. Akkurat no er det rododendron tid og bomulls trea blømer på bar kvist, eit vakkert syn.
Når me har besøk må gjestene oppleve nepalikulturen og me tek dei med til Pashuputinaht. Det er likbrenningsplassen og her er ein vitne til kremasjon og mange forskjellige sermoniar hinduane går gjennom både i sorg og i glede. Staden er den mest hellige plassen for ein hindu og tempel blir oppsøkt når det er noko spesielt ein skal igjennom i livet.
I gamlebyn er det mange forskjellige tempel. Denne staden blei hardt råka i jordskjelvet, men oppbyggjinga pågår for fult.
Saman med gjengen fekk me ei kort helg på kaffi farmen til vår venn Bharat Regmi i Dhading. Der er vakker solnedgang og me lærte om kaffi dyrking, hausting og tilbereding.
Her blir kaffien brent på gamlemåten og desse kaffibønnene blir eksportert til Norge. Heretter må du drikke kaffi med andakt, det er ein lang og krevande prosess før kaffibønna kjem heim til deg.
Det er god kvalitet på denne kaffien som gror på ca 1500 høgdemeter over havet, smakfull og fyldig.
I løpet av eit døgn her går det med nokre koppar med kaffi, då er det fint å ha litt norsk mjeleksjokolade ved sida av.
Me fekk vere med å hauste kaffibønner. Dei er raude og flotte på fargen og det er nitidig handarbeid.
Etter at me har hausta dei, blir dei lagt litt i vatn, for så å bli reinska. Det er fleire lag med "skinn" som skal av og dette blir gjort for hand, før bønnene blir lagt til tørk i nokre dagar.
Kaffibusken er ei sårbar plante, som må ha skygge, og ein må dagleg passe på at det ikkje er utøy på dei. Dei blir sprøyta med "heimelaga" økologisk motstandsvæske mot dei forskjellige inntrengjarane
Ein stor del av dei som bur i Nepal er buddhistar. På besøk til den mest hellige staden for buddhistane, er me innom ein Thanka skule, der dei maler meditasjonsbilete. Med smale penslar og stø hand malar dei utrulege detaljerike bilete.
Toppen av denne stupaen ( buddhist tempel) blei øydelagd i jordskjelvet, men er no bygd opp att og nye bønneflagg vaiar i vinden.
Etter nokre dagar i byen er det godt med ein tur på bygda att. Me fann ein herleg resort laga med mange forskjellige neplaihus, der me overnatta mellom "slaga". Det er travelt å ha gjester, då treng ein kome til ein slik roleg fin stad. Her var det vegetar mat og ein frodig hage, der me kunne finne roen og slappe av.
Etter ein god lunsj fekk me oss ein liten trekking. Me gjekk til eit kjent kloster, som heiter Namobouda. Det var tåkete denne dagen, så me såg ikkje fjella, som eg visste var i horisonten...
Her er mykje rikdom, gull-forgylte figurar på taket og fargerik maling på alle tak og vindu's lister og på alle gjerder og platå rundt heile klosteret.
Akkurat på denne staden skal Buddha ha truffe ein utmagra tiger, som han gav sitt liv til, slik at den kunne ta seg av tigerungane sine.
Astrid og Mari var og er to spreke humørfylte damer. Me hadde mykje moro og me er glade for at dei tok den lange turen for å besøkje oss. Me kjem til å ha mange gode mimrestunder når me flytter heim att.
Helga før dei reiste heim att til Norge, måtte me på ny reise til kaffifarmen; Country Paradise resort.
Her ser me korleis damene arbeider, bærer tunge bører og er aktive i å halde jordbruket oppe. Mange av mennene bur utanlands for å tjene til livets opphald. Kvinnene er att på bygda og har stort ansvar i forhold til stor-familien og for å halde oppe jordbruket.
Denne helga fekk me og vere med å hauste og reinske kaffibønner. Alle måtte ta sin tørn ved reinske maskinen.
Det er mange damer i arbeid på plantasjen og dei tjener gode pengar slik at dei kan koste skulegang for barna. Det er sesongarbeid og dei står på frå tidleg til seint.
Kvar dag må ein passe på at bønnene får tørke i sola og så blir dei sortert etter kvalitet.
Ei venninne frå ambasaden var og med. Me fekk hauste ingefær og gurkemeie, som veks mellom kaffi buskane. No blir det sunne gode te stunder...
Gurkemeie er godt for stive musklar og infeksjonar i kroppen. I Nepal brukar ein mykje gurkemeie i matlaginga.
Tilbake til byn...her er kaos og frykteleg tungvint å bevege seg i trafikken
På alle gatehjørne er det "klyser" med ledningar som berre blir større og større. Når ein ikkje finn feilen, blir det hengt opp nye ledningar. I tilegg er det eit hav av reklame plakatar overalt. Det blir mange stimuli i løpet av ein dag dette.
Astrid og Mari var med på det meste, og det var godt finne seg ei "lunge" å puste ut etter litt byvandring. Her er me i hagen på Kathamndu Guesthouse. Kaffi, Brownies og is smakte godt.
Det er fantastisk treskjærer kunst i Nepal. Her er vinduet til livsgudinna "KUMARI". Det er ei jente under 12 år som bur her og ho viser seg i dette vinduet for turistane. Når ho begynner å menstruere opphøyrer statusen og ei ny "gudinne" blir valgt.
Så er det ei veke med jobbing att, rapportskriving, partnerbesøk og vitjing av utviklingsminister Nicolay Astrup. Han ser på korleis Norge's bidreg til utvikling av Nepal fungerar. Han har møte med oss som arbeider for sivilt samfunn og han besøkjer næringslivet, og får ein tur til kraftverket på Kimthi. Såååå er det påskeferie, der me skal møte familien vår!!!
Me reiste til Sri Lanka. Her var Jørund, Marte, Tore og Sara Loti allerede på plass og me kunne slappe av og nyte varmen, havet og samværet. Me savna resten av gjengen, som var på hytta heime i vakre vinter-Norge, og ville gjerne hatt dei her saman med oss, men slik vart det ikkje denne gongen.
Dagleg lesestud, morgonbad, lange frukostar med nydeleg yoghurt med trickle sirup og frukt, kan det vere bedre...? Takk Jørund for lange gode samtalar og mykje moro.
Det er fargerikt på Sri Lanka og. På ein lunsjrestaurant i byen Matara hang det fine paraplyar til pynt..
Me haldt oss for det meste på denne surfestranda, så gutta kunne boltre seg litt. Her var det strand restaurantar der me hadde deilege lunsjar og smakfulle middagar med ulik sjømat.
Etter nokre dagar måtte me skjerme oss litt for sola fordi den "farga huden", men det hadde me jo lengta etter. Fruktjuicen smaka nydeleg og me kosa oss her i ei heil veke.
Det var liv rundt huset; apekattar, øgler, påfuglar og ulike andre fuglar. Stor underholdning for den minste i familien. Apene var litt nærgånade, så me måtte passe på å ha dørane lukka og ikkje mat på bordet.
Ein kveld fekk me oss ein langtur på stranda, det var siste kvelden i Hiritekiya. Det var ein utruleg solnedgang, temperaturen var behageleg og gleden var stor.
Mor og datter
Takk for gode dagar dåke to! Eller dåke tre!
Med palmesus og sødmefylte minner reiser me kvar for oss att. Det er hardt å ta farvel denne gongen, men ikkje lenge før me flyttar heim og kan vere meir saman. Me reiser til Nepal for å gjere siste innspurt og må jobbe litt med motivasjonen for å klare det, men det går...snx
Kjekt å lese og sjå bilder. Eg har sagt det før og seier det igjen: jammen får de opplevd mykje! Lukka te siste innspurt. Klemmen
SvarSlett