mandag 23. november 2015
Dagleglivet i Kathmandu
Fyrst av alt vil eg skrive litt om kvardagen. Det er no mest ein månad sidan eg skrive sist, og trist men sant, lite har endra seg på den politiske fronten. Eg skreiv om urolighetene i sør og dei er dei same om ikkje verre. Det har ikkje vore noko framgang i samtalene mellom myndighetar og folkegruppene der nede. Dette begynner å utvikle seg til ei humanitær krise for landet, noko som er lite omtala i nyhetane utenfor Nepal. Skjønar eigentleg ikkje korleis folk klarar seg. Det er no mangle på ved til fyring, gass kan ein kjøpe på svartebørsen, men det kostar. 15 liter gass sylinder kostar til vanleg rundt 130 kr, no kan ein få kjøpt 7 liter til 400 kr, det er vilt. Bensin kostar rundt 50 kr literen. Køane av bilar og bussar som vil fylle tankane blir større, lite trafikk i gatene. Restaurantar stengjer, eller har kun drikke på menyen. Dei som kan grille gjer det, men det begrensar dei som driv business. Den vanlege mann i gata sit på hjørne og er arbeidsledig/ permittert og nokon sit og ventar på at under skal skje. Ungar heng rundt pga av stengte skular og dette skapar ein dårleg kvardag. Mange varer manglar i hyllene, som mjelk( kan kjøpe soya mjelk og skumme mjelk) ulike grønnsaker og frukt, krydder, sukker osv. Eg har lager av det meste og folk med pengar klarar seg, men dei fleste slit. Vilt! Nokon seier at dei klarar seg fram til jul mht forsyning, men etter jul veit ingen, og nokon spår at dette vil vare i månader...Vanskeleg å forstå at politikarane ikkje ordnar opp når så mange slit. Fortsatt er lite gjort etter jordskjelvet og me ser mange bur i skur. Det er no kalde kvelder og netter og vinteren blir knall hard for veldig mange. Dagleg i avisene er det reportasjar frå bygdene rundt Kathmandu, der det er nyfødde som bur i skur, alenemødre som kjempar kvar dag for å få endene til å møtast. Det står og poeng om udugelege politikarar som ikkje ser andre enn seg sjølv, som bidreg lite for folket som har det vanskeleg og me lurer på kvifor ikkje dei tek ansvar. Bortsett frå all denne elendigheten, møter me folk som kan og vil! Dei har prosjekt som dei ivrig jobbar i og prøver å vere noko for sine medmenneske. Uavhengig av styre og stell klarar dei å få til ting rundt seg. Dei har livsmot, humør og ståpå vilje, men eg veit ikkje kor dei får det ifrå. Det er nydeleg å møte slike folk og det gjer at me trur at utvikling kan skje i landet om dei som står på held ut. Me prøver å støtte og gje gode tilbakemeldingar til dei for å halde motet deira oppe. Kanskje det er ei oppgåve me kan ha...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar