torsdag 8. oktober 2015

Nepal i ny krise

Som om ikkje folk i Nepal har lidd nok...den eine krisa avløyser den andre. Veit ikkje kor mykje som står i avisene heime, men eg kan prøve å gi eit lite innblikk. Grunnloven kom på plass for ein månad sidan og folk begynte å sjå framover og gleda seg over starten på ei ny tid. Ser ut som det enno er litt fram i tid. Den nye grunnloven utløyste nye konfliktar med folk syd vest i landet. Det er komplisert å forstå, det har bl.a med etnisitet å gjere. Politikarane tek for lite omsyn til marginaliserte grupper og mange føler seg overkjørt. det bar vore store opptøyer og samfunnet stoppa opp. India har involvert seg med bl.a å stenge grensa til Nepal. Dette får stoooore konsekvensar. Dagleg blir Nepal forsynt med varer frå India, når grensa er stengt fører dette til mat og vare mangel. Det fyrste som blei problemet er mangel på drivstoff, som igjen skapar store problem for all transport. Gass til bruk i matlaging begynner å bli tomt, private begynner å slite med å lage mat, hotell og restaurantar stenger, sykehus og klinikker slit ifh til medisin og utstyrmangel, ambulansene stoppar, buss og taxi trafikk stoppar, borna må bli heime frå skulen, og prisane på varer og tjenester stig. Dei fattige blir fattigere og td har prisen på ris blitt dobbel så høg. Det er vondt å sjå og oppleve at dei som har det vanskeleg frå før no får det verre. Dei har ikkje kome over jordskjelv katastrofen enno og så kjem dette i tillegg. Politikarane sit i møter og har " talks" står det i avisene, men det skjer ingenting. No har dette pågått i fleire veker og den store dashai festivalen står for døra. Det er høgdepunktet i året for alle, dei reiser heim til landsbyene og møter slekt og venner, som jul og nyttår for oss. No ser det ikkje ut til at folk kan reise nokon plass, stod i avisa i dag at det var eigentleg 1.5 millionar som ville ut av Kathmandu neste veke. Bussene står...dei pleier og å slakte geiter til festivalen, 45 000 geiter trengs berre i Kathmandu, ser ut som transport av geiter inn hit blir vanskeleg. Mange seier no at det kan ikkje bli feiring i år...turist sesongen er igang og folk hadde håpa på business, men ikkje lett Når situasjonen er slik...alle håpar på snarlig løysing, men nokon spår ein lang tung haust...KE GARNE...what to do...folk er motlause og det kan me skjøne, me ber og håpar... Ellers er heile Himalaya framme om dagen. Det er eit utsyn som er magisk, utruleg vakkert og fasinerande. Det er klar luft, pga av lite trafikk er det mindre forurensning, og været er stabilt fint. Me syklar mykje no, då bilen helst bør stå i solidaritet med dei som ikkje har drivstoff. Det er godt å kome rundt på det viset, og formen blir jo så god....me er spente på om me kjem oss på trekking i oktober, hadde håpa på nokre dagar i fjellet, men situasjonen må endre seg fyrst... Neste blogg handler enten om trekking i fjellet eller haustferie i Katmandu dalen...

1 kommentar:

  1. hei. kjekt å lese...men ikkje kjekt å lese ;(
    Stakkars folk...mykje motgang. Har sett av facebook at de har komme dåke på tur. Ser magisk ut.
    Ha ei fine veka;)
    klemmenH

    SvarSlett