onsdag 13. juni 2018


ALLER ALLER SISTE BLOGG FRÅ NEPAL

Tre år i utlendighet, og plutseleg er me på veg heimatt til Hauggrend. Det er mange refleksjonar ein kan gjere seg rundt det, i alle fall har tida gått fort og me kjenner at denne epoken i livet har vore annleis. Me har kanskje og blitt litt annleis, me er fylte av ein anna kultur, har fått unike erfaringar og ynskjer å dele dei med alle dåke heime om dåke vil ta imot. Det har vore tildels slitsomme år, berikande år og me kjenner oss priviligerte. Det beste av alt er at me set umåteleg pris på alt og alle heime, ikkje minst er me blitt besteforeldre i løpet av denne tida. JA det blir godt å kome heim. 



Nepal er eit mangeslungent land, mykje vakker natur, som er forskjellig frå aust til vest, nord og sør. Her er me på grensa til Darjeeling i India, i ein landsby som heiter Phikkal i Ilam distrikt. Her er te-plantasjar og vakre skogar og me har venner her som driv distriktsutvikling. Dei oppmuntrar bøndene til mjølkeproduksjon og grønsakdyrking, dei produserer ost, har te og kaffi plantasje, skal bygge gjestehus og kafear og dei vil pakke grønsaker i fine korger og sende til Kathmandu.

Te dyrking er handarbeid og me drikk te med andakt etter å ha sett kor mykje arbeid det er med plukking, tørking og produksjon for salg.

Der er damer som plukkar te, og dei leverer og får betaling pr kg. Dei kan få ei grei dagsløn om dei er iherdige. Vår kamerat har høg sosial samvittighet og ansetter damer som har det vanskeleg. Enker og einslege, lavkaste og dei som treng å få heve sin status.

Dip, som er medeigar i dette distriktsutvikling prosjektet er stolt over å vise oss rundt. Han er begynt å dyrke kaffi, som og er ein møysommeleg prosess før det blir produksjon og lønsomhet. Det er moro å kjenne folk som er idealister, har tru på framtida og vil vere med å byggje landet.

I arbeidet mitt som landkoordinator treff eg mange forskjellige folk. Her har me besøk av ein psykologi professor frå Bergen. Han ynskjer utveksling av studentar og er på besøk til våre partnarar for å sjå korleis ein kan få til eit samarbeid.

Generalsekretæren vår, Heidi var og på besøk i mai-juni for å sjå korleis ein kan jobbe vidare i ein ny strategi periode. Kva skal ein satse på, kva skal me halde fast på og kor går vegen vidare? Her er me på besøk til Pastoral care senteret i Pokhara, som gjer eit viktig arbeid for dei som driv kyrkjene i landet. Ellen ( står i midten) er kona til Calle, saman skal dei overta landkoordinator stillinga.

Midt i mai fekk me anledning til å ta nokre dagar ferie og reise heim til Huglo i konfirmasjon til Lovise. Det var storarta å treffe storfamilien, vere saman ei heil helg, feire den flotte konfirmanten, site i sjøkanten å ete sjømat, ha lange frukostar og seine kveldar saman med dei nærmaste. Ein set så pris på kvarandre når avstanden har vore så stor over tid.

Været var strålande og Vestlandet i finvær er Gull!!

Lovise er ein stor "snappar", så ei av kakene måtte vere ein snap. Kjersti stod bak dette underverket. Alle bordkorta var snap av konfirmanten, ein kreativ ide.

Me fekk litt tid til leik i fjæra, og Sara Loti fekk seg ein venn for livet i Fillip.

Heldigvis fekk me og tre dagar saman med Talleiv, Kristiane og Lyzander heime i Hauggrend. Me veda, fekk orden på bærbuskar og frukttrær og hadde lange gode samtalar og deilige måltid på terassen i solnedgangen. Det er ikkje mykje som slår den utsikten...

Me avslutta ferien med å feire 17 mai i Oslo hos broder Torleiv og svigerinne Turid. Dei har ein kjekk leilighet med god plass. Me fekk treffe både Sondre og Tonje med familie og det var ein herleg champagne frukost med bl.a kabaret...mimre mimre

Ikkje så lett å reise frå desse to gullungane, men no kjem me snart heim og får vere saman meir.

Sara Loti, snart 2 år og er ei herleg bestemt dame som veit kva ho vil og uttrykkjer det veldig klart. Ho diggar å få besøk og er knusbedårande spør du meg...

Lyzander er den mest blide og krølla 2 åring som fins. Han elskar bikkjene og er om dagen oppteken av dei 8 skjønne kvalpane som er komen inn i familien. Det blir kos å vere barnepasser st.hans helga.

Plutseleg er me tilbake i Kthamndu. Her er det full stopp i trafikken, det tek tid å kome seg rundt og me må bruke maske når me går i gatene. Kathmandu er no blant dei 5 verst forureina byane i verden, ikkje bra. Det er godt me bur litt utenfor byn...
Her er det fine blomar i vegkanten og no er risplantinga begynt. Det er fasinerande. Dei plantar små kvadratiske felt, der risen står og godgjer seg, og den blir flytta ut i åkeren når det har regna nok. Det er og handarbeid. Tenk på det neste gong du et ris. Det er langt frå spire til ris i kjelen på kjøkkenet.
Avslutningsvis må eg ha med eit bilete frå Himalaya. Everest og Amadablam, det vakraste fjellet i området, er mektige kvar på sitt vis. Her er nydeleg å gå på trekking, så hvis du har ein tanke om å reise må du ikkje nøle. det er ei oppleving for livet.

Med dette vil eg takke for meg i bloggen. Det har vore fint for meg å bearbeide inntrykk ved å skrive og det har vore viktig for meg å formidle denne verden, som har betydd og betyr så mykje for oss. Håpar å sjå deg i sommar, velkommen til Midtgarden. Det blir for det meste der me held oss i sommar, for å lande å kome i orden heime..helsing meg og husbonden.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar